Hopp til innhold

Nådde ikkje heilt til topps

Det vart ein sterk andreplass for Lars Fredrik Tvinde og Mathias Loftesnes i eliteturneringa på Norges Tour i Farsund.

Tvinde og Loftesnes

FINALE: Det enda med ein solid andreplass for Lars Erik Tvinde (til venstre) og Mathias Loftesnes i eliteturneringa i Norges Tour i Fardal.

Foto: Jan Egil Tvinde

Turneringa starta godt for dei to spelarane frå Førde volleyballklubb og dei vann fyrste kampen lett. Seinare tok dei seg vidare i turneringa heilt til finalen.

Jamn kamp

Sjølv om det enda med tap i begge setta (18-21 og 19-21) så var det ein jamn kamp meiner Loftesnes.

–Vi møtte eit kjempegodt lag og vi var litt bak dei heile tida. Sjølv om det var jamt heilt til slutten så tok dei eit par ekstrapoeng og vann dermed begge setta

– Er det litt surt å ikkje nå heilt opp?

– Ja det er litt surt, men vi tek det som god trening. Å møte slik motstand er akkurat det vi vil og då merkar vi at vi har hatt god framgang, men det er klart det hadde vore kjekkare om vi vann.

Likevel godt nøgde med finalen

Sjølv om dei ikkje rakk heilt til topps denne gong så er dei to spelarane likevel godt nøgde med finalen.

Kom heilt til finalen

NYE TURNERINGAR: Sjølv om dei er litt slitne etter eit knipent finaletap så er dei to karane klare for nye utfordringar i august.

Foto: Jan Egil Tvinde

– Berre det å kome til finalen er vi godt fornøgde med. Det er ei turnering med høgt nivå, så finalen har berre vore ein bonus for oss, seier Loftesnes.

Til utlandet og nye turneringar

I august skal dei to volleyballtalenta på nytt i elden i fleire utanlandske turneringar. Då kjem turneringa i Farsund godt med trur Loftesnes.

– Vi treng god matching no før desse utanlandske turneringane. Det er akkurat dette vi har lyst til og no ser vi at vi er i god rute til turneringane.

– Så no skal de ligge i hardtrening?

– Ja, riktig. No blir vi nokre dagar i Mandal for å trene og så blir det meir trening i Oslo før vi reiser til Liechtenstein og Vaduz den 18. august, fortel Loftesnes.