Hopp til innhold

Vann første kampen i Norges Tour

Lars Fredrik Tvinde og Mathias Loftesnes er den første reine duoen frå Førde volleyballklubb som er førsteseeda i ein Norges Tour.

Tvinde og Loftesnes

FAVORITTAR: Lars Erik Tvinde (til venstre) og Mathias Loftesnes har ein siger mellom seg og semifinalen. Dei synest det er stor stas å vere førsteseeda for første gong.

Foto: Jan Egil Tvinde

Dei deltek i helga i eliteturneringa på Norges Tour i Farsund. Fredag kveld spelte dei første kampen og vann 2-0 mot Oslo-laget Mohajer Moghari /Sletvold.

– Vi spelte ein solid kamp. Vi møtte eit godt teknisk lag, men vi klarte å ta poeng på eigen serve i begge sett. Då vart det 21-16 i begge setta, og det er vi nøgd med. Vi gjer lite feil og spelar godt over snittet, seier Tvinde.

Førsteseeda

Han og Mathias Loftesnes er den første reine duoen får Førde volleyballklubb som er førsteseeda i ein Norges Tour. Det synest dei er veldig kjekt, trass i presset.

– Vi har opparbeidd oss mykje poeng gjennom å ha spelt godt i fleire turneringar i år, så vi har vel fortent det. Og så er ikkje laga som spelar World Tour med, og då vert vi førsteseed. Så det er jo veldig kjekt, seier Tvinde.

Og duoen fekk ein god start på turneringa, med ein 2-0 siger.

– Det var viktig å vinne kampen, og leve opp til forventningane.

Trur på topplassering

Tvinde og Loftesnes har tru på at dei i alle fall skal nå fram til semifinale. For å klare det må dei slå Stavanger-laget Usken/Berntsen laurdag.

– Det vert ein tøff kamp. Vi har både slått dei og tapt mot dei i år, så det er heilt ope, men vi skal ha ei god opplading og så får vi sjå, seier Tvinde.

I år har duoen komme til semifinale i seks av sju turneringar som dei har delteke på i år, og Tvinde ser ikkje vekk frå at dei kan klare å vinne heile turneringa.

– Vi går aldri på bana utan å ha tru på oss sjølv, så det blir feil å seie nei. Vi skal gjere så godt vi kan, seier han.

Vil ta steget vidare

Tre og eit halvt Førde-lag deltek på turneringa, og dei likar seg godt i Farsund, sjølv om det er få førdianarar på tribuna.

– Det er ei veldig flott turnering, med ei sentrumsbane med mykje folk som ser på. Så det er veldig kjekt å spele der. Det var få førdianarar på tribuna i dag, men dei kjem vel i morgon, seier Tvinde.

Om han og Loftesnes skulle vinne heile turneringa har dei likevel andre mål for framtida.

– Vi prøvar berre å utvikle oss. Målet vårt er ikkje å foreldre i Norges Touren, vi vil ta steget vidare. Det er forventningar til oss, og det skal vi gjere så godt vi kan for å leve opp til, seier Tvinde.