Hopp til innhold

– Vil vera dramatisk for Årdal

– Det vil vera svært dramatisk for eit lokalsamfunn som Årdal om endå 60 arbeidsplassar forsvinn, seier varaordførar i Årdal, Marie-Helene Brandsdal (Ap).

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

Stillingskutt i Årdal

Marie-Helene Brandsdal

BEKYMRA: Varaordførar Marie-Helene Brandsdal (Ap).

Foto: Steinar Lote / NRK

I dag kom det fram at 60 arbeidsplassar kan forsvinna frå Hydro sitt verk i Årdal.

Store kutt dei siste åra

– Per i dag so slit me allereie med den nedbemanninga som Hydro har gjort, seier varaordførar Marie-Helene Brandsdal (Ap).

Hydro har i fleire tiår vore ein av berebjelkane i kraftkommunen. Men dei siste sju åra har det blitt kutta mange stillingar frå verket i Årdal.

  • I 2005 vart talet tilsette på Hydro i Årdal redusert med om lag 180.
  • I 2007 vart talet tilsette på Hydro i Årdal redusert med om lag 130
  • i 2009 vart talet tilsette på Hydro i Årdal redusert med om lag 120

– Det ser me på dei småbedriftene som må foreta permiteringar, me ser det på arbeidsløysa og auka utflytting frå kommunen, og boligmarknaden har stagnert heilt. Held det fram slik so ser det veldig dramatisk ut for Årdal, seier Brandsdal.

Nedbemanningar
Foto: NRK

Hjørnestein i kommunen

Bjørn Øvstetun

SLITEN: Bjørn Øvstetun, leiar i Årdal kjemiske fagforening.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Det skapar ei uro, og det er nesten ein slik situasjon frå år til år, og folk byrjar å bli trøytte av dette no, seier Bjørn Øvstetun, leiar i Årdal kjemiske fagforening.

Hydro kom til Årdal allereie tidleg på 1900-talet, då dei var aktive i å bygga ut kraftverka i dei veldige fossane i Tyinfalla i Øvre Årdal. I heile mellomkrigstida bygde dei ut med tanke på å driva storproduksjon som krevde mykje energi. Men slik gjekk det ikkje, og Hydro forsvann frå Årdal under krigen. I 1986 kom dei tilbake som eigarar.

Går opp og ned

– No skal me ikkje lenger enn eit år tilbake, då var det veldig lønsomt. Ting skjer fort, og det er det kortsiktige me har stilt spørsmål om, seier han.

– Det er viktig å presisera at Hydro har eit samfunnsforsvar, og det står i sterk kontrast til dei forslaga som er kome no i forhold til å avvikla støyperiet, seier varaordføraren.

Hydro har gjort undersøkingar som viser at omsmelting av metall er lite lønsamt. Men fabrikksjefen vil ikkje stadfesta at 60 tilsette kan mista jobben.

Arne Werge-Olsen

VIL IKKJE SPEKULERA: Fabrikksjef Arne Werge-Olsen.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Dette vil eg ikkje spekulera i det heile. Dette er ein prosess, og ingen besluttningar er tatt. I verste fall vil det gå utover nokre arbeidsplassar, men kor mange vil eg ikkje spekulera i, seier fabrikksjef Arne Werge-Olsen.

– Eg forstår at folk er bekymra for arbeidsplassane sine, det er ingen vedtak som er fatta endå, kommunen vil ha tett dialog med leiinga i Hydro. Me har bedt om eit møte og det vil finna stad i august, seier Brandsdal.

Hydro i Årdal hadde på det meste over 2000 tilsette ved verket.

– Det er tøffe tak. Me meinar me har gode innspel som me trur kan gjera denne bedrifta meir solid og fleksibel, seier Øvstetun.