Hopp til innhold

To fangar rømde frå fengsel i Vik

To fangar som rømde frå fengselet i Vik, er no pågripne.

Vik fengsel i 2006

RØMDE: To fangar har søndag ettermiddag rømt frå fengselet i Vik.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Vik

VIK: Fengselet ligg i den vesle bygda Vik - ved Sognefjorden. Einaste bilveg ut, er over Vikafjellet mot Voss.

Foto: Bjørn Sæbø

Dei to var på rømmen i vel fire timar før den blei funne på Vikafjellet, i retning Voss. Det var folk frå fengselet som fann dei.

– Dei blei pågripne ved den første tunnelen på fjellet. Dei har truleg gått opp dit. Eg kjenner iallefall ikkje til dei har brukt nokon form for transportmiddel, seier operasjonsleiar Nils Erik Eggen til NRK.no.

Dei to rømlingane er no tekne med tilbake til fengselet i Vik.

Det var klokka 12:43 at politiet fekk melding om rømminga. Politiet ønskja tips frå publikum i saka.

To menn hadde rømt frå luftegarden omlag klokka 12:10. Politiet rekna dei ikkje som farlege.

– Dei to har hoppa over gjerdet og sprunge frå staden. Vi veit ikkje om dei har allierte på utsida eller om dei har tenkt å ta ein bil, sa operasjonsleiaren hos politiet like etter dei to hadde rømt.

Dei to er varetektsfangar og er ikkje kjende i Vik. Den vesle bygda ligg ved Sognefjorden og for å komme seg ut av Vik, må ein anten bruke båt eller køyre over Vikafjellet.

15 personar leita

Assisterande fengselsleiar Egil Rune Andersen seier til NRK.no at dei kalla inn ekstra mannskap. Det var omlag 15 personar som var med på leitinga.

Vik fengsel har 39 fangar med gjennomsnittsdom på to år. Fengselet har også 15 varetektsfangar til ei kvar tid. Dei to mennene sat i varetekt, sikta av Hordaland politidistrikt.

Dette er den tredje rømminga frå fengselet på to år, med til saman seks fangar.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.