Hopp til innhold

Snart utan tak over hovudet

Hjørdis Erla Jonsdottir og dei to borna hennar er på desperat jakt etter ein stad å bu på Nordfjordeid. Søndag 1. juli må den vesle familien ut av husværet dei har fått leige.

Irja Lind og Hjørdis Erla Jonsdottir

SNART UTAN HUS: Irja Lind og Hjørdis Erla Jonsdottir.

Foto: privat

Dette blir fjerde gongen sidan september at dei må flytte på seg, skriv Fjordabladet .

Det har vore ein kamp, og det er svært vanskeleg, seier Hjørdis Erla.

– Eg får ikkje sove, eg er veldig oppgitt, heile familien er stressa og utålmodig, ungane har ikkje lyst til å pakke.

Då dei flytta frå Vågsøy til Eid fekk dei ikkje tak i hus, dei fekk bu mellombels i eit husvære på golfbana, så fekk dei tak i eit hus som dei fekk leige, men då dei hadde budd der i fem veker vart huset selt.

– Heldigvis hadde eg kontrakt på tre månader. Eg sette i gang å leite etter ny stad å bu, og i februar fekk eg tak i eit gamalt hus som var under oppussing, og fekk flytte inn der. Men no skal ho som eg leiger huset av ha det tilbake.

Folk er velviljuge, men...

Dermed var husjakta i gang igjen, men så langt har det vore fånyttes.

– Eg har ringt dei som eg veit har ståande tomme hus, men dei skal ikkje leige ut. Alle eg har vore i kontakt har vore veldig velviljuge, eg har fått tips om husvære, men det har vore eitt soverom og eitt soverom der, og det passar ikkje meg, eg har jo fire barn, to av dei er fastbuande med meg.

Ho har vore på NAV, ho har vore på kommunen, men heller ikkje der kune dei hjelpe med husvære.

– Der var dei svært oppgitte over situasjonen, eg vart nesten provosert over at dei var så oppgitte.

– Kva gjer du om det ikkje løyser seg innan søndag?

– Det løyser seg, eg har fått tips om at eg kan få flytte inn i ein dårleg bustad, men det blir ikkje langvarig, huset er så dårleg at vi berre kan bu der mellombels.

Ho meiner Eid kommune bør byggje utleigehusvære, for det er ikkje alle som har råd til å kjøpe seg hus eller leilegheiter.

(Artikkelen held fram under biletet).

Alfred Bjørlo

LOVAR PREMIE: Ordførar Alfred Bjørlo.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Stor mangel på utleigebustader

Ordførar Alfred Bjørlo stadfestar at det er bustadmangel i Eid.

– Eg trur eg kan seie at vi har ein grei tilgang på byggjeklare tomter, men utleigebustader er det eit veldig påtrykk etter. Det er ein slags veksesmerte, det viser at mange ynskjer å bu i Eid.

Bjørlo fortel at problemet no er teke opp politisk i kommunen.

– Vi kjem til å jobbe knallhardt med å få fleire på bana med utbygging av utleigehusvære, og vi treng ein dugnad mellom det offentlege og private om sosial bustadbygging.

Men dette hjelper ikkje på den akutte krisa til Hjørdis Erla, og Bjørlo oppmodar folk som har hus som står tomme storparten av året til å tenke på nytt om dei kan hjelpe dei som står i bustadkø.

Lovar Malakoff-pass eller operabillettar

– Og du har lova ut ein premie til dei som kan kome med ei løysing innan søndag. Kva er det du lokkar med?

– Vi har sagt at dei som kan kome med tips til ei løysing innan søndag slik at Hjørdis Erla får ein stabil plass å bu skal få anten eit Mlakoff-pass eller to billettar til Opera Nordfjord sin opera til hausten.