Hopp til innhold

Professor kritisk til Naustdal-avtale

Sluttavtalen mellom Naustdal kommune og rektor ved Naustdal barne- og ungdomsskule burde vore politisk godkjend før den vart underskriven, seier Jan Fridthjof Bernt, professor ved Universitetet i Bergen.

Jan Fridtjof Bernt

KRITISK: Professor Jan Fridtjof Bernt.

Foto: Kjetil Rydland/NRK

Utan at politikarane visste om det, inngjekk rådmann Øyvind Bang-Olsen ein sluttavtale med rektor Kirsten Friis som sikrar ho eitt års etterlønn.

Dette er ikkje måten å gjere det på, seier Bernt.

– Det naturlege ville vere at ein slik avtale vart lagd fram for administrasjonsutval eller formannskap til godkjenning før den vart underskriven. Dersom rådmannen ikkje har veldig klare fullmakter i sitt reglement skulle ikkje han kunne inngå ein slik avtale.

– Prinsipielt betenkeleg

– Eg synest det er prinsipielt betenkeleg uansett og at det alltid bør ver ein politisk kontroll når dei deler ut fallskjermar, som det på sett og vis er snakk om her.

Avtalen inneber mellom anna at Friis får eitt års etterlønn og at ho har siste arbeidsdag ved skulen den 31. juli. Bernt, som er ein av norges fremste ekspertar på offentleg forvaltning, seier sluttavtalen til Friis kan vere ugyldig.

– Dersom politikarane ikkje er samde i avtalen kan dei vurdere om dei vil reise sak med påstand om at avtalen er ugyldig og forlange å få ei ny forhandling med rektor.

(Artikkelen held fram under biletet).

Øyvind Bang-Olsen

STÅR PÅ SITT: Rådmann Øyvind Bang-Olsen.

Foto: Sogn og Fjordane Journalistlag

Tek ikkje sjølvkritikk

Rådmann Bang-Olsen ser på si side ingen grunn til å ta sjølvkritikk.

– I henhold til kommunens personalreglement har rådmannen fullmakt til tilsettingar, omplasseringar og oppseiingar.

– Her har rektoren fått ein sluttavtale som vil koste kommunen fleire hundre tusen kroner. Burde ikkje det ha vore godkjent politisk før du skriv under på avtalen?

– No har vi definert det slik at i henhold til personalreglementet så ligg organiseringa og drifta av den typen saker til rådmannen i Naustdal. Eg meiner vi har tolka dette rett.

Det kom overraskande på dei aller fleste då det måndag vart kjent at den mangeårige rektoren ved Naustdal barne- og ungdomsskule hadde sagt opp stilllinga si.

(Artikkelen held fram under biletet).

Møte i Naustdal formannskap

EKSTRAORDINÆRT MØTE: Frå formannskapsmøtet i Naustdal torsdag.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Føler seg pressa ut

Friis har ingen annan jobb i gå til. Ho stadfestar overfor NRK at ho føler seg pressa ut av jobben. Når vi spør Bang-Olsen om kvifor Friis måtte slutte som rektor, seier han dette:

– Det har eg tidlegare sagt at eg ikkje vil kommentere, men det er klart at dette er ei alvorleg og vanskeleg sak, det skal eg ikkje legge skjul på.

– Det har vore hevda at ein av grunnane til at ho må gå er at ho har sagt klart frå om den vanskelege ressurssituasjonen i skulen, og at det blir sett på som illojalt av deg. Kva seier du til det?

– Eg registrerer at det har blitt hevda. Nok ein gong trur eg at eg seier at eg ikkje vil gå inn i einskildforhold. Men generelt kan eg seie at det ligg ganske omfattande regelverk bak Arbeidsmiljølova som vi fylgjer opp.

Det blir i no i ettermiddag halde ekstraordinært formannskapsmøte i i Naustdal, der rådmann Bang-Olsen må greie ut om kvifor han har gjeve rektor Friis den omtalte sluttpakken.