Hopp til innhold

Ordføraren visste ikkje om avtalen

Ordførar Håkon Myrvang i Naustdal vil ikkje kommentere saka om rektoren ved Naustdal barne- og ungdomsskule, som føler seg pressa ut av jobben.

Håkon Myrvang

VISSTE IKKJE: Ordførar Håkon Myrvang.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Kirsten Friis får ei årsløn for å forlate stillinga si - ein avtale som rådmannen forhandla fram, utan at det politiske miljøet i Naustdal visste noko som helst.

Myrvang seier at formannskapet torsdag skal få ei orientering om saka.

– Eg har kalla inn formannskapet for at dei skal få informasjon. Vi ynskjer ei orientering om kva som ligg i desse tinga.

– Kjende du til denne sluttavtalen på førehand?

– Nei.

– Var det andre i det politiske miljøet som visste om det?

– Nei, ikkje som eg veit om.

– Kjenner du deg trygg på at dette har skjedd på ein korrekt måte?

– Vi som politikarar er opptekne av at vi har ein veldig god personalpolitikk.

– Men vitnar dette om god personalpolitikk?

– Eg kan ikkje uttale meg om einskildsaker.

Overraskande på dei fleste

Det kom overraskande på dei aller fleste då det måndag vart kjend at Kirsten Friis, den mangeårige rektoren ved Naustdal barne- og ungdomsskule, hadde sagt opp stilllinga si. Ho har ingen anna jobb i gå til.

Friis ønskjer ikkje å uttale seg på radio om saka, men stadfestar overfor NRK at ho føler seg pressa ut av jobben. Ho fekk framlagd ei sluttpakke på ei årsløn, noko som utgjer omlag 600.000 kroner. Rådmannen framforhandla avtalen på vegner av Naustdal kommune.

Naustdal er kjend med at rektoren si orientering til foreldra på eit møte den 13. juni, der det vart uttrykt uro over ressurssituasjonen ved skulen, har vorte oppfatta som illojalt av administrasjonen.

– Frykteleg

Det er frykteleg dersom dette skal ha medverka til at Friis har vorte pressa ut av jobben, seier Anne-Grethe Naustdal, som er leiar i FAU (foreldrenes arbeidsutval).

Medan rådmann Øyvind Bang-Olsen ikkje vil kommentere saka i det heile, fortel Naustdal at det kom som lyn frå klår himmel at Friis sluttar som rektor.

– Eg vart veldig overraska då eg fekk høyre det måndag. Eg hadde samtale med ho veka før, og vi hadde lagt planar for samarbeid framover. Eg er lei meg for at rektor skal slutte.

(Artikkelen held fram under biletet).

Naustdal skule

PROBLEM PÅ SKULEN: Naustdal barne- og ungdomsskule.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Uro på skulen

Det er ei kjend sak at rektor Friis den siste tida har vore omstridd, etter mellom anna ulike negative medieoppslag om mobbing, trakassering og steling ved skulen. I kva grad dette skal vere medverkande til at Friis no sluttar, ønskjer ingen av partane å kommentere.


«Vi opplever diverre at nokre elevar på ungdomssteget manglar respekt og toleranse for medelevar og vaksne. Det blir meldt frå om forhold knytt til negativ språkbruk, kverulerande uro, nedsetjande utsegn om medelevar, foreldre og lærarar, steling, fysisk utagering med meir».

Slik vart problemet formulert i eit brev frå tidlegare i år til foreldre til elevar på ungdomssteget ved Naustdal barne- og ungdomsskule. Brevet er signert av rektor Kirsten Friis og FAU-leiar Anne-Grethe Naustdal.