Hopp til innhold

Gir konfirmasjonsundervisning i strid med kyrkjelova

Stikk i strid med lovverket, føregår framleis konfirmasjonsundervisninga i skuletida i seks kommunar i Sogn og Fjordane.

Konfirmanter

BRYT LOVA: Dei som skal konfirmerast i kyrkja, får undervisninga i skuletida i seks kommunar i Sogn og Fjordane.

Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIX

Gaular er ein av kommunane som ikkje har endra på undervisninga, seks år etter at kyrkjelova avgjorde at all konfirmantundervisning skal vere utanom skuletida.

– Det kan ikkje vere slik at majoriteten skal få tilbod om livssynsundervisning i skuletida, medan minoritetane må ta det på kveldstid og i helgane, seier Jarl Tyssekvam som har ungar i konfirmasjonsalderen.

Tyssekvam, som og sit i kommunestyret for Høgre, meiner kommunen ikkje heng med i utviklinga.

– For seks år sidan var vi ikkje det multikulturelle samfunnet vi er i dag. Vi har mellom anna mange polakkar som er katolikkar.

Vil ha prinsippdebatt

Jarl Tyssekvam

KRITISK: Jarl Tyssekvam frå Høgre likar ikkje forskjellsbehandlinga av elevane.

Foto: Silje Guddal / NRK

Kyrkjelova vart endra i 2006, og vedtok at all konfirmasjonsundervisning skal skje etter skuletid. Likevel har lite endra seg i Gaular, Gloppen, Askvoll, Jølster, Flora og Fjaler.

Tyssekvam meiner Gaular forskjellsbehandlar ungdom, og vil ha ein prinsippdebatt i kommunen.

– Dette er ikkje eit angrep på kyrkja eller skulen, men det er eit forsøk på å gi alle elevane i skulen dei same rettane, seier han.

Tek vekk vanleg undervisning

Fylkesleiar i Human etisk forbund, Berit Hovland, meiner forskjellsbehandlinga av livssyn hindrar ungdom i å gjere reelle val.

– Vi får rapportar om at dette blir opplevd som veldig urettferdig, seier Hovland.

Kyrkjelova opnar for undervisning på skulen dersom det av praktiske årsaker ikkje let seg gjere for konfirmantane å møtes etter skuletid. Dette er eit argument mellom anna Flora brukar.

Hovland meiner argumenta om lange avstandar ikkje held mål. Ho meiner politikarane bør følgje lova, i staden for tradisjon.

– Det er til saman fire dagar av skuletida der undervisninga blir teken vekk. Ein tek ikkje berre undervisning for dei som skal konfirmerast i kyrkja, det rammar alle. Dette er ikkje rett.

Har fått klager

Gloppen kommune har no fått klager frå ulike livssyn på at dei bryt regelverket, og politikarane skal vurdere konfirmantundervisninga til hausten. Rådmann Marit Elisabeth Larsen vedgår at kommunen sine ungdomar har ulik bakgrunn.

– Vi har både humanistar og muslimar. Det er fleire livssyn som har rett til å få si undervisning og sine førebuingar ivaretekne.

Opnar for ny vurdering

Jetvard Kalland

NY PROSESS: Skule- og kultursjef Jetvard Kalland seier dei opnar opp for ny vurdering av opplegget.

Foto: Silje Guddal / NRK

Kommunestyret i Gaular vedtok å gå i mot kyrkjelova fram til forholdet mellom kyrkje og stat vart avklara. No opnar dei for ei ny vurdering seier skule- og kultursjef Jetvard Kalland.

– Det er ei stund sidan 2006 og mykje har skjedd i forholdet mellom kyrkje og stat. Vi vil no lage ein prosess der vi høyrer kva foreldra meiner om dette. Vi skal også lage ei sak til politiske organ som til slutt skal hamne kommunestyret.

Pappa Jarl Tyssekvam gler seg til debatten i kommunestyret.

– Eg tør ikkje spå kva som skjer. Men eg ser fram til ein debatt i kommunestyret om dette, og eg er interessert i argumenta for å behalde ordninga.