Hopp til innhold

Livredde etter konfirmantrollespel

14 år gamle konfirmantar frå Bergen vart livredde etter at dei hamna mitt oppe i ei militærøving under eit rollespel.

Skytebane, Ulven leir

Her ved Ulven Leir utanfor Bergen hadde Heimeværnet skyteøvelse, medan 14 år gamle konfirmanter var etterlatt til seg sjølv i skogen like ved.

Foto: Forsvarsbygg

132 Borgarlege konfirmantar frå Bergen var i helga med på rollespelet På Flukt, som vert arrangert i samarbeid med Human-Etisk Forbund og Røde Kors Ungdom.

Formålet med rollespelet, som har blitt arrangert av Røde Kors Ungdom sidan 1997, er å simulere korleis det er å vere eit menneske på flukt for å skape forståing for korleis mange innvandrarar i Noreg har hatt det.

Hadde skyteøvelse like ved

Laurdag vart dei 132 konfirmantane transportert til Ulven Leir utanfor Bergen, der rollespelet skulle gå føre seg.

Beate Kuchler sendte laurdag sin 14 år gamle son, Rudi André Wentzevk, til leiren. Ho var trygg på at opplegget, som 25.000 ungdommar tidlegare har gjennomført, skulle gå smertefritt for seg.

Men at rollespelet skulle skje ved ein militærleir, der Heimevernet samtidig hadde skyteøvelse, var ho ikkje klar over.

Medlemmar frå Røde Kors Ungdom fungerte i rolla som byråkratar, soldatar og grensevakter, medan deltakarane var organisert i familiar som skal prøve å flykte til Noreg. Alle som er med må leggje frå seg mobiltelefonane sine, og får berre lov til å prate med medlemmar får si eiga gruppe. Dei får heller ikkje ha med seg mat.

Ifølgje Røde Kors Ungdom, er spelet berekna for ungdom mellom 13 og 22 år.

Men ein vanleg forutsetnad for spelet er at ungdommane veit at dei militærkledde også er eit del av spelet. Men når 14-åringane i Bergen oppdaga skot frå militæret like ved, skapte det ein svært utriveleg situasjon for mange av deltakarane.

Henta livredd son

Rudi Andrè Wentzeck

Rudi Andrè Wentzeck (14) var ein av fleire konfirmantar som skal ha blitt redde under rollespelet då dei høyrde skyting.

Foto: Privat

– Då eg skulle hente sonen min vart eg skremt ved synet av varslingslysa, soldatane og dei militære køyretya. Men eg vart enno meir skremt då eg ser min 14 år gamle son auga. Han var livredd, fortel mora til 14-åringen til NRK.no.

Kuchler fortel at sonen var gjennomfrosen og utsulta då ho henta han. Lyden av skytinga hadde gjort at han ikkje fekk sove i løpet av heile natta.

– Han hadde det tungt, og har uttrykt eit forferdeleg sinne.

– Alle var redde. Dei ser at det er militært personell i området, og dei høyrer skyting. Sonen min var redd, men han seier at det var mange som har vore mykje reddare enn han, seier Kuchler.

Vart ført inn i eit rom

Ho fortel at mange ungdommar opplevde at det ikkje var høve til å gi beskjed til nokon at dei ikkje orka meir. Nokre ungdommar klarte å gi beskjed om at dei ville gi seg, og då vart dei ført inn i eit rom med varme. Men her skal dei også ha kjend seg utrygge, sidan det ikkje var nokon vaksne til stades.

Kuchler fortel at dei føresette fekk svært dårleg informasjon på førehand om kva som skulle gå føre seg under rollespelet.

– Eg fekk eit brev om rollespelet, og at dei skulle kome til å vere mykje ute. Dei fekk beskjed om å ha med sovepose, underlag og eit sett med skift. Det var også eit foreldremøte, men det vart ikkje informert om at det skulle vere ein militærøvelse samtidig. Det er eg i tvil om at dei var klar over.

Raudekross beklagar

Knut Johannes Sverre

Knut Johannes Sverre i Røde Kors Ungdom beklagar at opplevinga ungdommane vart redde under rollespelet.

Foto: Røde Kors Ungdom

Leiaren i Røde Kors Ungdom, Knut Johannes Sverre, seier til NRK.no at han beklagar at 14-åringane vart redde.

– Me beklagar veldig dersom nokon har følt det på denne måten. Me har forsøkt å gi informasjon om at det ville gå føre seg skyteøvelse på dagtid. Men eg skjøner jo at nokon har fått slike reaksjonar.

På førehand informerte Røde Kors Ungdom 14-åringane om at det ville gå føre seg skyting på området på dagtid. Human-etisk forbund hadde ansvar for å informere foreldra til ungdommane om kva som skulle skje, sidan det er eit krav om samtykkje frå foreldra. Det var likevel ikkje nemnt på foreldremøtet at det skulle gå føre seg skyting.

Organisasjonssekretær i Human-Etisk Forbund i Hordaland, Silje Guleng, seier at grunnen til dette var at dei ikkje visste om skytinga på førehand.

– Nei, dette var me ikkje klar over, seier Guleng, som stadfestar at dei har fått tilbakemelding om hendinga frå føresette.

Røde Kors Ungdom beklagar at informasjon til foreldra ikkje vart gidd.

– Eg tykkjer det er uheldig at foreldra ikkje har fått informasjon på førehand. Det er veldig beklageleg, seier Knut Johannes Sverre.

– Uansvarleg etter 22. juli

Kuchler meiner at det i etterkant av hendinga 22. juli er uansvarleg å utsetje 14-åringar for ein slik oppleving.

– I desse tider der me framleis er prega av 22. juli, må me rette spørsmål til dei ansvarlege. Vurderte dei våre barn sin tilknyting til det som skjedde på Utøya, kanskje?

Til det svarar Røde Kors Ungdom at dei har hatt diskusjonar om rollespelet i etterkant av 22. juli, men at dei har gjort eit bevisst val på at dei ville vidareføre opplegget.

AKTUELT NÅ