Hopp til innhold

Taper stort på grunn av streiken

Berre i løpet av neste veke kan turistnæringa i Flåm tape nær 15 millionar kroner dersom streiken blant losbåtførarane held fram.

Cruiseskip i Flåm

FÅR IKKJE KOMME TIL FLÅM: Dersom losbåtførarane held fram streiken kan ikkje cruiseskip ta seg inn i fjordane. Dermed kan cruisedestinasjonar som Flåm gå glipp av store beløp.

Foto: NRK

Streiken blant losbåtførarane får store konsekvensar for dei som livnærer seg av cruise og cruiseturistar. Fleire utanlandske cruiseskip reiser no frå Norge, utan los om bord kjem dei seg nemleg ikkje inn i mange av fjordane.

Når losbåtførarane streikar, kjem ikkje losane seg til og frå skipa.

Hamnesjefen i Flåm, John Erik Johnsen, er blant dei som får merke dette. Tidlegare i dag var det usikkert om nokre av dei tre skipa som låg til kai i Flåm måtte bli liggjande, men alle kjem seg no ut fjorden og reiser til Bergen.

Men allereie på fredag er det eit skip som ikkje kjem som venta.

– Skipet Bamoral kjem truleg ikkje fordi det ikkje får losar om bord. Dermed blir turen til Flåm kansellert og truleg går skipet til ei utanlandsk hamn, seier Johnsen til NRK.no.

I løpet av neste veke er det venta ti cruiseskip til den vesle fjordarmen i Sognefjorden. Men dersom streiken blant losbåtførarane held fram vil det føre til store tap for cruisenæringa i Flåm.

– Det er mange som livnærer seg av transport, guiding og servering av cruiseturistar, så dette blir store beløp, seier Johnsen.

– Dersom streiken held fram er det snakk om at vi går glipp av 15 000 passasjerar neste veke. Dersom kvar av desse brukar 1000 kroner, slik dei har funne ut at dei gjere, så er det 15 millionar kroner i tap neste veke, seier hamnesjefen.

Det er ikkje slik at alle cruiseskip nødvendigvis blir råka. Til dømes er losbåttenesta i Florø privat, noko som betyr at dei kan skysse losar til og frå oppdrag.