Hopp til innhold

Føler seg ikkje trygge der dei bur

Bebuarane i Sandvika i Høyanger krev no at det vert gjort nye geologiske granskingar av fjellsida som ein følgje av romjulsorkanen Dagmar.

Kjell Heggheim

UROA: Kjell Heggheim krev at kommunen gjer nye granskingar i fjellet over Sandvika i Høyanger.

Foto: Linda Lund Stølen / Ytre Sogn

– Det blir heilt latterleg dersom kommunen ikkje sørger for nye granskingar av fjellet bak oss. Vi skal trass alt bu her også i framtida, seier Kjell Heggheim til NRK.

Tobarnsfaren og forkjemparen for at kommunen no gjennomfører granskingar av tryggleiken for bebuarane i Sandvika.

Blei evakuert

Det var høgdramatisk då orkanen Dagmar førte til evakuering av bebuarane i Sandvika i Høyanger.

Kaffiselskap

FEKK KAFFI: Jens Stoltenberg drog på kaffibesøk til Kari Nordeide i Sandvika for å høyre kom korleis det var å bli evakuert.

Foto: Håvard Holme / NRK

Eit stort ras gjekk berre meter frå dei næraste husa og skaka opp både unge og eldre. Nokre dagar seinare kom sjølvaste statsminister Jens Stoltenberg på vitjing for å snakke med dei som vart evakuert.

– Det må kome ein ny rapport og det må gjerast nye granskingar av området. Verken eg eller andre føler oss særleg trygge med å bu her ute. Eg har to barn på 8 og 12 år, og dei vert sjølvsagt og uroa, seier Heggheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rasområde i Sandvika

RASUTSETT: Sandvika-området i Høyanger er blant dei mest rasutsette bustadområda i fylket.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Gamal rapport

Det er avisa Ytre Sogn som melder at det no har vore møte mellom Sandvika-folket og Høyanger kommune.

Der kom det fram at bebuarane vil ha betre informasjon om det faktisk er trygt å bu der dei bur.

Den siste rapporten om tilhøva i fjellområdet like ved Høyanger sentrum kom på midten av 90-talet. Under informasjonsmøtet med bebuarane kom det fram at det framleis er denne kommunen støttar seg til når dei vurderer området der husa står som trygt.

Vil ta saka med NGI

– Dei tiltaka som vart gjort fungerte tilfredsstillane. Det fekk vi eit prov for i samband med Dagmar, sa teknisk sjef Jostein Nyland til bebuarane.

Rådmann i Høyanger, Arve Varden, forsikrar at dei vil ta saka opp med Norges Geotekniske Institutt, når dei kjem til Høyanger samband med ei anna sak om ikkje lenge.

– Sandvika står ikkje på saklista, men vi kan sjå om det ikkje er mogleg å få til noko, seier Varden til Ytre Sogn.