Hopp til innhold

Kevin (5) vart biten av hjort

Dei to andre kameratane sprang då hjorten nærma seg, men Kevin (5) vart ståande att. Sekund etter kom han hylande heim til mora.

Kevin Magnussen Paulsen vart biten av hjort i Florø

UBLIDT MØTE: Fem år gamle Kevin vart naturleg nok livredd då ein hjort beit han i fingeren i dette skogholtet.

Foto: Eli Magnussen

Naboungane hoia og skreik ute i gata og det var slik Eli Magnussen vart gjort merksam på at på gutungen hennar hadde blitt biten av ein hjort. Til Firda.no fortel Magnussen at guten var livredd med det same, men at han utover kvelden har fått roa seg.

– Då han først kom var han hysterisk, men etter kvart har han blitt rolegare, fortel mora til NRK.no.

– Hadde ikkje trudd det kunne skje

Det var i 17-17.30-tida måndag ettermiddag at dei tre gutane leika i skogen like ved eit byggjefelt i Havreneset i Florø. Dei som bur her ser hjort nesten kvar dag i skogen, men også i hagane og ute i gata.

At gutane såg hjort i skogen var difor ikkje noko overrasking, men at ein av ungane skulle få nærkontakt på denne måten var ikkje heilt venta.

– Etter at han har roa seg har han fortalt at dei såg to hjortar, ein stor og ein litt mindre. Medan dei to andre sprang vekk, gjekk Kevin mot den store som kom mot han, fortel mora Eli Magnussen til NRK.no.

– Eg spurte han om han hadde teke opp handa mot munnen på hjorten, men det hadde han ikkje.

– Ville truleg åtvare

Kevin Magnussen Paulsen

NYSGJERRIG: Kevin Magnussen Paulsen er nysgjerrig av seg. Det fekk han svi litt for då han kom litt for nær ein hjort.

Foto: Eli Magnussen

Magnussen fortel vidare at ho spurte femåringen om kvifor han gjekk bort til hjorten, og om han ikkje var redd han.

– Då sa han berre at ”hjorten kom jo til meg”, seier ho litt lattermild.

Då guten først viste fram bitet trudde mora det kunne vere eit hoggormbit, men etter kvart som ungane fekk fortelje om det som hadde skjedd var det ingen tvil om at det var nærkontakt med ein hjort som var årsaka.

– Eg trur nok dette var meint som eit åtvarande bit frå hjorten. Hadde han ville bite han skikkeleg hadde han gjort det, seier mora til NRK.no og seier at det ikkje har gått hol på huda.

Til Firda.no seier Magnussen at ho kontakta legevakta, men at ho der fekk beskjed om at det førebels ikkje var noko fare.

– Så lenge han har følgt vaksineprogrammet er det ikkje nødvendig med noko ekstra stivkrampesprøyte. Eg må berre følgje med på om han får feber, seier ho til NRK.no.

Vil be sonen halde avstand frå dyra

Utover kvelden har Kevin (5) fortalt om fleire detaljar frå opplevinga.

– Det er ikkje måte på kor stor denne hjorten var og kor store tenner den hadde. Men han har nok vore veldig tett på den, for han såg for eksempel at den hadde masse flått på seg, seier mora til NRK.no.

Etter hendinga i dag kjem ho til å be guten sin halde seg på trygg avstand frå hjorten.

– Som regel går jo hjorten vekk når det blir mykje støy frå ungane, men slik var det ikkje no. Eg har aldri tenkt på at det kunne oppstå slike farlege situasjonar.

– Eg kjem til å seie til han at han ikkje skal oppsøkje dei, men la dei vere i fred, seier mora som prisar seg lukkeleg for at det gjekk så bra.

– Ungar bør ikkje kome nære

Etter hendinga i ettermiddag gjekk politiet ut med ei generell oppmoding om å halde avstand frå hjorten.

– Ein ting er at hjorten kan bite, men det som er endå farlegare er dersom ein skremmer hjorten slik at den røyser seg opp og vil sparke etter folk, seier operasjonsleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.no.

– Det er ei generell oppmoding: Ikkje gå bort til hjorten, men hald avstand. Spesielt ungar bør ikkje kome for nære, seier han.