Politiet hadde mistanke om tjuvjakt - men hjorten var drepen av hjort

Hjorten vart funnen med det alle trudde var eit skothol i halsen. Men dei dødelege skadane var ikkje resultatet av tjuvjakt, men av ein tøff bukkekamp.

Åmund Breivik frå politiet og grunneigar Joar Madsen i arbeid med å undersøkje dyret.

UNDERSØKING: Åmund Breivik frå politiet og grunneigar Joar Madsen undersøkjer dyret.

Foto: Roger Bareksten

Politiet starta etterforsking og frykta det verste då ein kronhjort vart funnen død på Bjørnset i Flora i går. Hjorten hadde det alle trudde var eit skothol i halsen, og både politiet og lokale viltstyresmakter frykta tjuvjakt.

Men etter å ha undersøkt hjorten nærare, har politiet kome til ein helt annleis konklusjon.

– Det ser ut til at hjorten har døydd av skadane den har fått i kamp med ein annan hjort, seier politibetjent Åmund Breivik ved Flora politistasjon.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trudde det var skothol, men det var resultat av ein bukkekamp

SKOTHOL? Alle trudde det var eit skothol, men etter å ha undersøkt dyret nærare viser det seg at hjorten døydde av skadane den fekk i ein bukkekamp. På venstre sida av halsen kan ein sjå såret.

Foto: Roger Bareksten

Frykta tjuvjakt frå bil

For nokre år sidan var det fleire tilfelle av det ein meinte var tjuvjakt frå bil i Flora. Den gong fann ein aldri ut kven som hadde skote dyra, men det var brukt ammunisjon som ikkje stemte overeins med jakt.

Då det vart funne ein stor kronhjort liggjande død på ein bø måndag, frykta mange at det same skjedde igjen.

– Dersom dette er tjuvjakt, slik både vi og politiet har mistanke om, så er dette forkasteleg på alle måtar, sa fagansvarleg for vilt i Flora kommune, Magnus Frøyen.

Han frykta at det i verste fall var nokon som hadde skote hjorten for moro skuld.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mistenkjer tjuvjakt på Bjørnset

TJUVJAKT? Politiet hadde mistanke om tjuvjakt då denne hjorten vart funnen i Florø måndag. No viser det seg at hjorten døydde av skadane han fekk etter ein bukkekamp.

Foto: Roger Madsen

Skar opp hjorten for å finne svar

Også politiet frykta det verste og sette i gang etterforsking. Tysdag ettermiddag gjekk dei grundig til verks då dei gjorde forsøk på å operere ut kula hjorten var skoten med.

Men dei fann inga kule. I staden fann dei fleire teikn til at hjortebukken hadde vore i litt av ein kamp med ein annan hjort.

Hjort drepen av hjort

SKADER: Hjorten hadde fleire skader på kroppen etter den tøffe bukkekampen.

Foto: Roger Bareksten

– Det ser ut til at den har blitt skalla og treft av geviret til ein annan hjort. Det som såg ut som eit kulehol går berre nokre centimeter innover, seier Breivik.

Det ein trudde var eit dødeleg kulehol var altså eit dødeleg stikk frå geviret til ein annan hannhjort. Når hjortane er i brunst er det ikkje uvanleg at det går hardt for seg når dei kjempar om damene.

– Den har fått fleire andre liknande skader. Den har fått kraftige blåmerker, men det er ikkje gått hol andre plassar, seier Breivik.

– Lett å la seg lure

Etter undersøkingane tysdag ettermiddag kan politiet slå fast at det ikkje er snakk om tjuvjakt slik ein først frykta.

At sårskadane på hjorten klarte lure så mange, er likevel ikkje så rart, meiner politimannen.

– Det er veldig fort å bli lurt. Det såg ut som eit skothol på utsida, men det var først då vi opna den opp at vi kunne slå det fast. Her er det altså berre naturen som har gått sin gang.

Fann ikkje kulehol på hjorten

IKKJE KULEHOL: Holet var berre nokre centimeter djupt, og kjem av at hjorten har blitt skalla av ein anna hjort.

Foto: Roger Bareksten