Hopp til innhold

I går vart ho påsprunge av ein hjort - i fjor øydela ei padde foten hennar

Kristin Maurstad (31) har dårleg erfaring med dyr i joggeløypa. I går vart ho sprunge på av ein hjort, i fjor vrikka ho okla etter å ha tråkka på ei padde, på same staden.

Kristin Maurstad

NESTE IKKJE TIL Å TRU: Kristin Maurstad kjem ikkje til å gi seg med jogginga, trass i episodane i joggeløypa.

Det er mest ikkje til å tru, historia som den ferske varaordføraren i Vågsøy kan skilte med. Historia er endåtil så god at ho mest ikkje kan tru det sjølv. Men smertene i venstre skulder minner henne på at episoden i skogen torsdag kveld var høgst reell.

– Vi var i fart begge to. Hjorten kom springande og hoppande og trefte meg i venstre skulder, noko som gjorde at eg datt over ende og rett i asfalten, fortel varaordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad.

Vart skikkeleg skjelven

Kristin Maurstad var ute på ein av sine faste joggeturar, då ho i haustmørket i brøkdelen av eit sekund, skjønte at det slett ikkje var berre ho som var ute for å få opp pulsen ein oktoberkveld.

– Det var kolsvart, så eg datt over ende og skrubba meg litt. Eg skjønte raskt at det var ein hjort, for det var ikkje så mykje anna det kunne vere, seier Maurstad, og legg til at ho vart litt skjelven av episoden.

– Hjorten sprang berre vidare. Eg trur ikkje han brydde seg noko særleg, seier Maurstad.

Ho var derimot noko prega av episoden, og sette nasen heimover, så raskt ho kunne.

Måtte kjøle seg med «viltblanding»

– Eg kom meg no på beina att, litt fortumla, og kom meg heim att og fekk på ein ispose, seier Maurstad.

Ho kunne ikkje anna enn å le då ho såg kva slags pose med frosne grønsaker ho hadde plukka ut av frysaren for å kjøle ned skadestaden.

– Det var ein pose med viltblanding eg hadde funne for å kjøle ned skuldra, så det var kanskje på sin plass, seier Maurstad.

Men skadd som ho var, følte ho ikkje for å le.

– Akkurat då tykte eg ikkje det var så veldig morosamt, seier Maurstad.

Måtte bøte med livet

Men det er ikkje første gong Maurstad treffer dyr når ho er ute og joggar i haustmørket.

For eitt år sidan var det eit langt mindre, men langt meir slimete dyr ho møtte på sin veg i skogen. Også denne gongen førte det til skade, nærare bestemt ein forstua fot.

– Det er nesten litt pinleg. Det var veldig mykje frosk ute på den tida, og omtrent på same plass som eg vart treft av hjorten, kom det ein frosk hoppande, fortel Maurstad.

Ho gjorde sitt yttarste for å unngå å trakke på skapningen som hoppa mellom beina på henne, men lukkast ikkje heilt med det.

– Eg tråkka på frosken og vrikka då foten. Då enda det med is på okla, men frosken måtte dessverre bøte med livet, fortel Maurstad.

Sluttar ikkje å jogge

Etter at Maurstad fortalde om episoden på Facebook, har det ikkje skorta på meldingar frå fjern og nær om god betring.

Trass i at 31-åringen er litt mørbanka, har ho ikkje tenkt å slutte å jogge.

– Nei, det kan eg ikkje gjere. Det er veldig mykje hjort akkurat på det punktet der. Eg har sett hjort der før, men då har eg som regel vore i bil. Eg har no aldri køyrt på nokon hjort då, det er det mange andre som har gjort, ler Maurstad.

Om ho har vorte mørkredd?

– Eg har ikkje vore mørkeredd før. Om eg har vorte det av dette, får vi berre teste ut. Eg vil iallfall halde fram å jogge, seier Maurstad.