Hopp til innhold

Skulebuss nær treft av steinras

Skulebussen hadde nett køyrt forbi staden, då steinane dundra ned i vegen mellom Framfjord og Indreforden i Vik.

Steinras mellom Arnafjord og Framfjord i Vik.

RASA: Desse steinane kom i morgontimane tysdag ned på vegen mellom Arnafjord og Framfjord i Vik. – Det er ikkje store steinar, men det hadde vore nok om dei trefte køyrety, seier Marta Finden Halset (t.v.), her saman med bussjåføren Jonathan.

Foto: Privat

Både ein buss og tre bilistar var nære ved å bli trefte av steinane.

Fylkesveg 92 var ein periode stengd etter raset.

– Det er berre flaks at ingen vart tekne av raset. Skulebussen hadde nett køyrt forbi, og raset gjekk rett før fleire personbilar kom på staden, seier Marta Finden Halset.

Nær treft – igjen

Ho er ordførar i Vik, og pendlar kvar dag strekninga på fylkesveg 92 inn til Vik sentrum. Tysdag morgon vart ho saman med andre reisande hindra av steinraset.

Mellom desse Thale Halset frå Indrefjord. For vel eitt år sidan vart ho treft av snøskred på Vikafjellet . Tysdag morgon køyrde Halset samstundes som naboen til jobb. Raset gjekk etter at naboen passerte, men før Halset kom til staden.

– Det er litt slik at eg tenkjer på kva som hadde skjedd om eg ikkje somla slik. Det var framleis rørsle i greinene som hadde kome ned i vegbana, så eg var ikkje så veldig lenge etter, seier ho.

Thale Halset

PÅ NYTT: I fjor vinter vart Thale Halset treft av snøskred på Vikafjellet. Tysdag morgon var ho nær å bli treft av steinras på veg til jobb.

Foto: Privat

Lite, men stort nok

Det er ikkje første gong det går steinras vegen mellom Framfjord og Indrefjord. I fjor vinter hamna ordførar Finden Halset i eit snøskreddrama på den same vegen .

– Det er nok ikkje det største raset som har gått her. Men det er så stor at vi ikkje kjem forbi, og vi ville ikkje ha overlevd om vi hadde fått det på bilen, seier Finden Halset til NRK.no.

Køyrer med hjartet i halsen

Ifølgje ordføraren har steinane losna høgt oppe i fjellsida. Raset har gått på ein stad der det titt og ofte kjem stein ned i vegen.

– Dette er ein stad ein prøver å komme seg raskt forbi. Det er ikkje uvanleg at vi må ut av bilane og rulle bort stein frå vegbana, seier Finden Halset.

– Eg køyrer ofte forbi her med hjartet i halsen, seier ho.

Ryddar så snart som råd

Statens vegvesen fekk raskt melding om raset, og hadde litt før klokka 08.00 folk på veg til staden for å rydde.

– Det går nok ein halvtime – iallfall – før vi er på staden. Vi skal rydde så snart vi kan, seier Arne Stadheim ved Vegtrafikksentralen.

– Dette er ikkje noko triveleg. Men samstundes må vi vere glade for at ingen vart skadde. Raset kunne ha komme i påska, då det var endå større trafikk her, seier Marta Finden Halset.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.