Hopp til innhold

- Vindmøller eller Skjerjehamn

Ola Braanaas trugar med å stenge den restaurerte handelsstaden Skjerjehamn dersom det blir bygt vindmøller på Setenesfjellet, skriv Bergens Tidende.

Ola Braanaas

ULTIMATUM TIL GULEN KOMMUNE: Ola Braanaas stenger Skjerjehamn dersom det blir bygt vindmøller.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

I ein e-post til Gulen kommune og lokalpolitikarane skriv Braanaas: «Skulle en slik hending inntreffe så vil jeg egenhendig stenge ned Skjerjehamn for fremtiden, å bygge opp for at andre senere skal få vansire, det kommer ikke på tale».

Har investert 40 millionar

Ola Braanaas overtok den gamle handelsstaden Skjerjehamn for sju år sidan, og selskapet hans, Firda Eiendom, har lagt ned 40 millionar kroner i restaurering av bygningane og i å byggje opp ein stad med overnatting og servering med åtte-ti arbeidsplassar.

Mellom anna kjøpte han den store statuen av Kong Olav som Oslo kommune ikkje ville ha og sette den opp like ved handelsstaden.

(Artikkelen held fram under biletet).

Skjerjehamn - kongestatuen

KONGESTATUEN: Skulpturen til Knut Steen som Oslo kommune ikkje ville ha.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Får ikkje i pose og sekk

Sjølv har Braanaas gjennom selskapet sitt tent seg rik på fiskeoppdrett. Til Bergens Tidende seier han at han forstår at grunneigarane og kommunen gjerne vil ha inntekter av vindmølleparkane.

– Men eg trur kommunane som står att utan vindmøller blir dei mest attraktive å kome til i framtida. Inngrepa er for store i forhold til det vi får att.

– No får kommunen eit val, vindmøller eller Skjerjehamn. Dette er ikkje ei sak der Gulen kommune kan få i pose og sekk.

(Artikkelen held fram under biletet).

Skjerjehamn i Gulen

SKJERJEHAMN: Her har Braanaas lagt ned 40 millionar kroner.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Har ikkje råd til å seie nei

På Setenesfjellet rett aust for Skjerjehamn er det planar om å reise 15 vindmøller, Sandøy vindkraftverk sør for Skjerjehamn omfattar 38 møller. Vidare er det planlagt 52 vindmøller på Brosviksåta og 50 på Dalsbotnfjellet nordaust for Skjerjehamn.

Varaordførar Arve Mjømen (H) meiner Gulen kommune ikkje har råd til å seie nei til planane. Kommunen kan få mellom 18 og 20 millionar kroner i årlege inntekter frå vindkraftverka.

– For dumt med ultimatum

Nestleiar Tage Erlend Tellnes i Natur og Ungdom meiner utspelet frå Ola Braanaas ikkje er særleg klokt.

– Det er ei ærleg sak å vere bekymra for følgjene av vindkraftutbygging, men det blir for dumt å kome med eit ultimatum. Vi meiner det er fullt mogeleg å kombinere turisme med vindkraft.

Natur og Ungdom har sagt nei til planane om vindmøller på Sandøy, mellom anna av omsyn til ein hubrostamme i området. Men organisasjonen tilrår ei resdusert utbygging på Brosviksåta og delar av anlegget som er planlagt på Dalsbotnfjellet. Anlegget på Setenesfjellet har Natur og Ungdom ikkje vurdert.