Hopp til innhold

Dei ventar på filmen din

Måndag går fristen ut om du vil starte året med ein aldri så liten filmpris.

Marita Vindedal og Silje Bråstad

KLAR: Marita Vindedal og Silje Bråstad hos festivalarrangørane er meir enn klar for fleire filmar til årets filmfestival i Sogndal.

Foto: Sogndal filmfestival

Med slagordet Det beste av kortfilm i Sogn og Fjordane, er det snart duka for den sjuande utgåva av filmfestivalen i Sogndal.

Fristen for å melde på filmar går ut 5. mars. Allereie er filmane på veg til festivalarrangørane. Temaet for festivalen er filmskaping.

– Vi har snakka med mange som har sendt og skal sende filmar, så mange er på veg. I fjor hadde vi 40 påmelde og eg reknar med at det blir like mange i år, seier festivalsjef Silje Bråstad.

– Blir utfordrande

Festivalen inneheld ein fagdag, workshop og filmvisning. Ikkje minst er det duka for gallakveld og prisutdeling. Bråstad trur den eksterne juryen får mykje å gle seg til når dei skal sjå igjennom alle filmane.

– Eg trur det blir mykje bra. Dei skal nok få ei utfordring med å kåre vinnarar i dei ulike kategoriane, meiner ho.

I tillegg skal det også delast ut ein publikumspris.

Prisvinnarar er med

Mellom kandidatane som allereie er komne i arrangørane sine hender, er to unge og talentfulle prisvinnarar. Daniel Volle er ikkje eit ukjent namn for prisutdelarar verken for Q-film eller filmfestivalen i Sogndal. Han har også på gang ein filmproduksjon til 700 000 kroner.

Og lærdølen Bjørnar Hegg Lunde vart i fjor den første frå Sogn og Fjordane som vann Amandusfestivalen på Lillehammer.

– Men prisane er absolutt ikkje delte ut på førehand. Det er heilt sikkert mange flinke filmskaparar som berre ventar på å bli oppdaga, trur Bråstad.

Fortel om Norges dyraste

– I tillegg har vi eigen juniorklasse for barne- og ungdomsskuleelevar og det verkar å vere god interesse blant desse også, legg Bråstad til.

Produsent Aage Aaberge kjem til festivalen 20. mars for å fortelje om innspelinga av den til no dyraste norske spelefilmen – Kon Tiki. Aaberge var ein av produsentane bak filmen med ein prislapp på 93 millionar kroner.

Også tidlegare NRK-reporter Sølve Stang skal medverke under festivalen.