Hopp til innhold

Alexander Stöckl: – Kjempehoppet i går vart for mykje for Fannemel

Det vart ikkje den store jubeldagen for Norge under laghoppinga i Vikersund. Landslagstrenar trur Anders Fannemel ikkje tålte presset etter kjempehoppet i går.

Anders Fannemel

VM-DEBUTANT: Det vart ingen medalje på hoppkometen frå Hornindal under skiflygings-VM i Vikersund.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det lange hoppet i går blei for mykje for han. Eg trur han er litt redd langt inne i seg, seier trenaren til NRK.no etter konkurransen.

Verken Anders Fannemel eller dei andre norske klarte å prestere sitt beste under lagkonkurransen under VM i skiflyging i Vikersund søndag ettermiddag. Eit skuffande førstehopp av Bjørn Einar Romøren viste seg å vere starten på ein stor nedtur for Norge.

Førstereisguten og VM-debutanten Anders Fannemel klarte heller ikkje følgje opp etter meisterhoppet laurdag. I første omgang landa han 206,5 meter nede i bakken.

Norges landslagstrenar, Alexander Stöckl, seier til NRK at tidenes nest lengste svev i går prega han for mykje. Også Fannemel er ærleg på at presset kan ha sett han ut av spel.

– Eg klarte ikkje å få til noko godt skiphopp i dag. Det kan hende hoppet i går gjorde at eg mista litt av «feelingen», seier han til NRK.no.

Sur fjerdeplass

Mange hadde håpa at Norge skulle vere med heilt i toppen under lagkonkurransen på heimebane, men slik vart det aldri. Bjørn Einar Romøren skildrar sjølv sine to hopp som elendige, og heller ikkje Anders Bardal leverte som venta.

Trass gode hopp av Rune Velta i begge omgangane vart det ikkje noko medalje på Norge. Ikkje ein gong Velta sitt hopp på 243 meter i andre omgang klarte å hoppe Norge inn i medaljekampen igjen.

Norge enda til slutt på den sure fjerdeplassen. Austerrike vann laghoppinga, med Tyskland og Slovenia på dei to neste plassane.

– Han gjer jobben sin

Før lagkonkurransen har 20-år gamle Anders Fannemel av mange blitt omtalt som jokeren på det norske laget. Etter det første hoppet hans søndag måtte NRK-kommentator Espen Bredesen konstatere at han hadde venta at Fannemel skulle klare litt lenger.

Og det er kanskje ikkje så rart etter at Fannemel nesten sette ny verdsrekord med eit hopp på 244,5 meter i førsteomgangen laurdag.

– Men vi må hugse at han ikkje er heilt i verdstoppen enno. Han er ny, men på god veg, seier Bredesen på NRK si direktesending frå hopprennet.

Også NRK-kommentator og skihoppar Anders Jacobsen meinte førstehoppet uansett måtte reknast som godkjent.

– Eg synst han gjer jobben sin bra. Han hadde tunge forhold, men held eit fint nivå. Han er flink til å fly, og det er eit viktig hopp for å prøve å få oss med i medaljekampen, seier Jacobsen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Fantastisk hopp av Anders Fannemel

NESTEN NY REKORD: Her strekkjer Anders Fannemel seg nesten til ny verdsrekord. Han landa heilt i botn på bakken og noterte seg for fantastiske 244,5 meter.

– Eg fekk det ikkje til

Før konkurransen sa Anders Fannemel at han hadde fokusert mykje på å få att den gode kjensla han hadde laurdag. Men truleg har dette blitt for tøft. Etter 206,5 meter i førsteomgang, landa han på 199 meter i andre omgang.

Landslagstrener Alexander Stöckl

PREGA:Landslagstrener Alexander Stöckl trur Anders Fannemel rett og slett ikkje tålte presset etter meisterhoppet laurdag.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

– Eg får det ikkje heilt til i dag heller, og det blir vanskeleg, seier han og viser til at han også i andreomgangen i går var langt unna å hoppe opp mot 240 meter.

Landslagstrenar Alexander Stöckl måtte også sjå at eleven ikkje klarte prestere opp mot sitt beste.

– Han er ein god utøvar, og kjem til å bli betre. Men dette vart for mykje for han, seier trenaren.

Også Fannemel sjølv er skuffa.

– Ja, ein merkar presset. Det var ein fantastisk start, og litt kjedeleg at eg ikkje klarar halde oppe den tekniske biten. seier han til NRK.

– Eg klarte ikkje å få ut den siste spruten i andre omgang.

Vil ta med seg det positive

Før VM var 20-åringen frå Hornindal heller ukjend for dei aller fleste, men etter gode prestasjonar i verdscupen klarte han å hoppe seg inn på VM-laget.

Under NM i stor bakke i byrjinga av februar slo han til med bronse, og med påfølgjande gode resultat danka han mellom anna Tom Hilde ut av troppen.

Det eventyrleg hoppet laurdag er truleg eitt verken Fannemel eller andre hoppinteresserte vil gløyme med det første. Hoppkometen ler litt då han blir spurt om kvardagen har endra seg etter den imponerande prestasjonen.

– Eg har ikkje merka så stor skilnad enno. Men eg har stort sett berre hoppa og sove.

– Ein bonus

At Anders Fannemel no har blitt eit namn endå fleire har merka seg har han førebels eit avslappa forhold til. Sjølv om det ikkje vart medalje under VM vel han å ta med seg dei positive erfaringane vidare.

– Det har skjedd masse positivt og eg har lært mykje, seier han.

Førstereisguten reiser uansett ikkje tomhendt frå meisterskapen. Han fekk premien for det lengste hoppet under VM.

– Eg ser berre på det som ein bonus, men det var jo veldig kjekt å få den.