Hopp til innhold

Aurland meld av gamleordføraren

Den tidlegare ordføraren i Aurland har meldt kommunen til politiet for brot på reglane for verneområde.

Veg til rasvoll på Skjerping i Gudvangen

ULOVLEG ARBEID: Vegen opp til rasvollen som er bygd.

Foto: Magnhild Aspevik

Olav Ellingsen, som var ordførar fram til sist haust, er leiar i styret for verneområdet i Nærøyfjorden.

I eigenskap av dette vervet har han meldt Aurland kommune til politiet for å ha starta arbeid med å byggje ein rasvoll i Nærøydalen. Det synte seg at rasvollen gjekk nokre meter inn i landskapsvernområdet i verdsarvområdet.

(Artikkelen held fram under biletet).

Ordførar Olav Ellingsen i Aurland

MÅTTE MELDE KOMMUNEN: Tidlegare ordførar Olav Ellingsen, no leiar i styret for verneområdet.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Hadde ikkje noko val

No er arbeidet stansa. Olav Ellingsen meiner dei ikkje hadde noko anna val enn å melde kommunen til politiet.

– Verneområdestyret kan ikkje gjere noko anna enn det vi er pålagde etter vedtektene, nemleg å rapportere det til Direktoratet for naturforvaltning og melde det til politiet.

Det er ei langvarig sak som no har enda opp med at det statlege verneområdestyret med den tidlegare ordføraren i Aurland som leiar har meldt kommunen til politiet.

– Her var det sett i gang meir arbeid enn det som det var gitt klarsignal til, det var snakk om reinsking i grova, men her var dei byrja å byggje vollen inn i verneområdet, seier Ellingsen.

Rasvoll på Skjerping i Gudvangen

ULOVLEG RASVOLL: Denne vollen er bygd inn i verneområdet.

Foto: Magnhild Aspevik

Svært rasutsett

Innbyggjarane på Skjerping i Nærøydalen har lenge vore truga av at det kan kome nye, store ras frå Hallinggrovi. Både dei to gardane i området og eit kommunalt bustadfelt i nærleiken er svært rasutsett, og behovet for tiltak er stort.

No innrømmer rådgjevar Bjørn Sture Rosenvold i Aurland kommune at arbeidet vart stogga fordi dei forstod at dei no var i ferd med å byggje seg rett inn i vernestriden i Nærøyfjorden.

– Det var eit inngrep i eit landskapsvernområde som det ikkje var søkt om på førehand, vedgår han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Noralv Distad

MELDE AV GAMLEORDFØRAREN: Noverande ordførar Noralv Distad (t.v.) og rådgjevar Bjørn Sture Rosenvold.

Foto: Bård Siem / NRK

Grønt lys til rassikring likevel

Trass at vernestyret no politimelder Aurland kommune, gir dei likevel grønt lys for eit prosjekt som inneber rassikringstiltak i vernesona i dalen. Men dei strenge reglane knytt til verdsarvområdet gjer at styret følte at dei ikkje hadde noko anna val enn politimelding for å statuere eit eksempel, seier Olav Ellingsen.

– Eg forstår at dei kjende press på seg til å få gjort dette arbeidet, men sidan det er reglar for det så måtte vi gjere det vi har gjort.

Ellingsen forstår at det kan sjå rart ut at dei no godkjenner planane om ei tryggare framtid for kring 20 innbyggjarar, samstundes som dei politimelder Aurland kommune for nettopp å ha sett i verk rassikring.