Hopp til innhold

Elva veks - familie evakuerer

Ein familie på Skjerping i Gudvangen har valt å forlate bustaden sin grunna store nedbørsmengder.

– Ei elv held på å danne seg eit nytt løp grunna store nedbørsmengder. Det er eitt hus i nærleiken, og bebuarane her melde sjølve frå til politiet om at dei på eige initiativ ønskte å forlate huset, opplyser operasjonsleiar Inge Værøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Dei fekk melding om den flaumstore elva klokka 17.30 onsdag ettermiddag. Det skal vere ein familie med to vaksne og to born som har valt å evakuere.

– Dette skal vere i same området som det gjekk eit stort steinras for nokre veker sidan, seier Værøy og siktar til det store raset frå fjellpartiet Nebbet ved Skjerping i Nærøydalen mellom Gudvangen og Stalheim i Aurland kommune.

Ifølgje Værøy har Aurland kommune kalla ut gravemaskin som skal grave grøfter for å styre vatnet unna bustadhuset.

– Det skal ikkje vere andre hus som er truga av elva, seier han til NRK.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.