Hopp til innhold

Fødd klokka 11.11 den 11.11.11

Vesle Emma Linea vart født klokka 11.11 den 11.11. 2011. At det blir ein dato ingen kan gløyme er pappaen litt glad for, han er nemleg litt gløymsk.

Video Fødd 11.11.11 11:11

MAGISK: Emma Linea vart fødd klokka 11.11. den 11.11.2011. For både mor, far og storesøster vart det heilt spesielt.

For Håkon Langeland frå Guddalen i Sogn og Fjordane vart den nest siste trippeldatoen før neste hundreår ekstra spesiell.

Han vart nemleg far for aller første gong, og det på ein dato mange nok misunner han.

– Vi fekk ei kjempefin jente klokka 11 minutt over 11, strålar den nybakte pappaen til NRK.no.

Men det var ikkje etter planen..

Emma vart fødd klokka 11.11 den 11.11.2011

SPESIELL DATO: Emma Linea er fødd på ein spesiell dato, og på eit spesielt tidspunkt. Dette MMS-biletet var blant dei første bileta som vart tekne av den vesle jenta.

Foto: Privat

Saman med kjærasten Line Alexandra Johannessen har han venta lenge på den vesle prinsessa. At ho skulle komme til verda akkurat i dag var ikkje heilt etter planen.

– Eigentleg hadde Line termin den 4. desember, men så har det vore litt komplikasjonar slik at det vart planlagt keisarsnitt i dag, seier Langeland.

Håkon og Line møtte opp på Førde sentralsjukehus klokka 07 i dag tidleg, og hadde eigentleg venta at den vesle jenta deira skulle kome til verda like over klokka 08.

Men det var fleire born som ville til verda på sjukehuset, og dei to foreldra måtte vente.

(Artikkelen held fram under biletet)

Emma vart fødd 11.11 den 11.11.2011.

STOLTE: Både pappa Håkon Langeland, mamma Line Alexandra Johannessen og storesøster Michelle er svært stolte over den vesle jenta si.

Foto: Eirin Aardal / NRK

Fødd klokka 11.11 den 11.11.2011

Med det vart klokka plutseleg 11.11 før Emma Linea vart fødd. Den vesle jenta var 2492 gram og 45 centimeter og pappa Langeland lovar at han aldri skal gløyme bursdagen.

– Dette er ikkje noko klokkeslett og dato som ein gløymer, kan du seie, seier Langeland til NRK.no.

– Er du litt gløymsk slik at du er ekstra glad for det eller?

– Ja, det er eg, vedgår den stolte faren.

Han gler seg til å vise fram dottera til familie og vener og vedgår at han ikkje heilt klarer å tenkje klart endå. Men ein ting er sikkert.

– Akkurat no er eg så lukkeleg som det går an!