Hopp til innhold

Dei skulle ha eit lite bryllaup, men fekk fire reporterar på slep

Det har vore mykje medieoppstyr for alle nygifte i dag, sidan datoen er den 11.11.11. Media over heile landet har latt seg fascinere av det spesielle høvet.

Heidi Holmelid Frank Roger Erdal

LIVE PÅ RADIO: NRK-reporter Susanne Egset intervjuar Heidi Holmelid og Frank Roger Erdal rett etter vigsla.

Foto: Agnese Bremere / NRK

– Me skulle ha eit stille bryllaup med ikkje så mykje merksemd, seier Heidi Holmelid.

Ho gifta seg med Frank Roger Erdal kl. 11 den 11.11.11.

Heidi Holmelid Frank Roger Erdal

FAMILIEN: Heidi Holmelid og Frank Roger Erdal skulle ha eit lite bryllaup med ungane Malin Holmelid Eikeset, Henriette Holmelid Eikeset og Børge Holmelid Erdal.

Foto: Agnese Bremere / NRK

Sjølv om berre den næraste familien var til stades i bryllaupet, var det fleire som venta utanfor lokalet i Fjordane tingrett.

Fire reporterar frå media i Førde stod klare til å ta pulsen på det nybakte ekteparet.

– Då Firda ringte, så kom det litt brått på, men eg sa umiddelbart ja, utan å spørje Frank. Han syntest ikkje at det var så festleg, men så fant me ut at det måtte gå bra.

– Eg likar ikkje merksemd, legg Frank Roger til.

Mykje oppstyr

Men Heidi og Frank Roger har også forståing for alt medieoppstyret.

– Me skjønnar jo at det er ein spesiell dato. Eigentleg tenkte eg ikkje noko over det då me sette denne datoen. Det er jo litt koseleg og, seier Heidi.

Dei ivrige journalistane var eit ekstra moment på dagen til brudeparet.

– Me kjem til å hugse det i alle fall. Me har ikkje med oss kamera, så me kan jo få bilete av dykk, seier Heidi.

Agurknytt

Solgunn Sårheim Freddy Brakestad

DEN STORE DAGEN: Då Solgunn Sårheim og Freddy Brakestad gifta seg 11.11.11, var media på plass.

Foto: Agnese Bremere / NRK

Eit anna par som gifta seg i Fjordane tingrett i dag er Solgunn Sårheim og Freddy Brakestad. Også dei hadde tenkt seg eit lite bryllaup og berre dei to ungane deira var med i vigsla.

– Det er mykje oppstyr. Det er vel ikkje agurknytt-tid no vel, seier Freddy og ler.

– Nei da, det er vel forståeleg, det er jo hundre år til neste gang det kjem ein slik dato, seier han.

– Det er svært populært med slike datoar. Me har hatt familie og vener som har gifta seg 08.08.08 og 07.07.07, seier Solgunn.

Paret ventar sitt tredje barn og valde å nytte høvet 11.11.11 til å gifte seg.

– Me tenkte å få det unnagjort før den vesle kjem, slik at me kan ta det litt med ro framover, seier Solgunn.

Mange par

Fire par gifta seg i Fjordane tingrett i dag. Fire par var det også i Sogn Tingrett i Sogndal. NRK har ikkje oversikt over kor mange bryllaup det er i kyrkjene i fylket.