Hopp til innhold

Uroa over turnuslege-kutt

Kommunalminister Liv Signe Navarsete er sterkt usamd i forslaget om å la legestudentar sjølv få velge kvar dei skal ha turnusteneste.

Liv Signe Navarsete

SKEPTISK: Liv Signe Navarsete meiner at ein må oppretthalde turnusordninga slik den er i dag, med loddtrekning om kvar studentane skal ha sin legepraksis.

Foto: Aleksander Andersen / Scanpix

Helsedirektoratet ønskjer å kutta ordninga med at legestudentane får turnusteneste gjennom loddtrekning.

Det har i mange år ført til at unge medisinarar har hamna ute i distrikta, også etter endt turnustid. No vil helsestyresmaktene endre heile ordninga.

Oppgitt Navarsete

Dette uroar Liv Signe Navarsete sterkt. Statsråden frå Sogndal meiner at dette vil føre til ei skeivfordeling av turnuskandidatar, slik at små kommunar i distrikta vil verte råka.

Ho er oppgitt over forslaget om å endre dagens ordning.

– Eg fryktar at resultatet blir lange køar inn til dei store universitetssjukehusa og absolutt ingen som søkjer seg til Finnmark og andre distrikt, seier Navarsete til NRK.

Ser til Sverige

Ho syner til utviklinga i Sverige, der erfaringane med la medisinstudentane få velgje sjølv er svært blanda.

– Ein kan jo berre kikke på korleis utviklinga har vore der. Dei har prøvd ut ulike måtar å gjere dette på.

Også i andre politiske parti er det sterke reaksjonar på forslaget om å endre systemet for tildeling av turnusplassar.

Viktig for rekruttering

Fylkeslege i Sogn og Fjordane, Per Stensland, er og sterkt kritisk til forslaget. Han meiner at det vil gjere det enda vanskelegare å få legar til å søkje jobbar i distrikta.

– Tidlegare undersøkingar har vist at turnustenesta har vore den viktigaste rekrutteringstenesta for unge legar til Sogn og Fjordane. Dersom ein legg ned denne tenesta, utan å ha ein klar strategi for korleis å freiste legar ut i distrikta, då blir det veldig vanskeleg, sa Stensland til NRK nyleg.