Hopp til innhold

Klare for kommunesamanslåing

Påtroppande Venstre-ordførar i Eid, Alfred Bjørlo vil omgåande dra i gang debatten om kommunesamanslåing i Nordfjord. Det forslaget blir ulikt motteke av kollegaene.

Alfred Bjørlo

KLAR: Alfred Bjørlo (V) i Eid vil gjerne diskutere kommunesamanslåing. Men skal han slå saman Eid med ein annan kommune vil han at storkommunen får meir makt.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu

Kommunesamanslåing har blitt eit tema i valkampen før årets kommune og fylkestingsval. Bjørlo på si side har blitt styrka i trua på større kommunar.

– Eg opplever at det er ei klar haldning blant folk i Nordfjord no om at dette er ein debatt folk er innstilte på at vi må starte opp. Folk ser at dette er viktig for framtida, seier Bjørlo til NRK.no.

Vågsøy seier ja til invitasjonen

Kva kan kommunane tene på å slå seg saman har blitt eit spørsmål fleire har stilt seg før valet. Meiningane er mange og politikarar og innbyggjarar stridast om fordelar og ulemper.

Ein forskar meiner Sogn og Fjordane bør redusere talet på kommunar frå 26 til 13.

Venstre sin komande ordførar i Eid er langt ifrå framand for tanken om å slå seg saman med andre av Nordfjordkommunane. Høgre sin påtroppande ordførar i Vågsøy, Morten Hagen seier gjerne ta til Bjørlo sin invitasjon.

– Vi meiner det er viktig at vi byrjar sjå på moglegheitene vi har for å slå saman kommunane, seier Hagen.

– Kommunane må få meir makt

Bjørlo, som heile tida har vore den hissigaste tilhengaren av samanslåing, har likevel ein føresetnad for ein storkommune i Nordfjord.

– Skal du ha større kommunar må det vere kommunar som har meir makt og ansvar. Staten må gi auka handlingsrom i forhold til dagens kommunar, seier Bjørlo og legg til:

– Eg håpar vi kan få til ein skikkeleg prosess på dette i Nordfjord der vi får fram at dette er i alle si interesse.

(Artikkelen held fram under biletet)

Morten Hagen

BETRE TILBOD: Morten Hagen (H) i Vågsøy trur innbyggjarane kan tene på kommunesamanslåing.

Foto: Thomas Hagen

– Vil kunne gje betre tilbod

Hagen i Vågsøy meiner på si side at samanslåing kan vere aktuelt også med dei oppgåvene kommunane har i dag.

– Vi meiner vi vil kunne gje betre tilbod til innbyggjarane på enkelte område. Innan helse og omsorg, og gjerne også administrasjon er det store sjansar for at det er ting å hente på ei samanslåing, seier Hagen.

Selje har ikkje hastverk

Ottar Nygård

IKKJE HASTVERK: Ottar Nygård i Selje vil aller først utrede fordelar og ulemper dersom ein diskusjon om kommunesamanslåing blir aktuelt.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Men verken Stryn eller Selje har hastverk med ein slik diskusjon.

– For Selje er ikkje dette nødvendig på nokon måte. Det vi har sagt, og programfesta, er at dersom denne diskusjonen kjem opp så skal vi greia ut fordelar og ulemper. Deretter vil vi ta ei folkeavstemming på det, for det er viktig at folk får vere med å bestemme dette, seier Ottar Nygård frå Tverrpolitisk liste som tek over ordførarklubba i Selje.

Ingen av ordførarane vil vere konkret på kven som bør slå seg saman. Det må prosessen vidare avklare.

NRK har tidlegare fortalt at ordførarane i Hyllestad, Fjaler og Askvoll også vil setje kommunesamanslåing på dagsorden.