Hopp til innhold

Spår null framtid for småkommunar

Småkommunar der ordføraren berre har seremonielle oppgåver, tvangssamanslegne storkommunar - eller eit lappeteppe av samarbeid og interkommunale aksjeselskap.

Jon Naustdalslid og Andreas Hompland

SER INN I FRAMTIDA: Sogn og Fjordane er eit døme på eit fylke med mange småkommunar. Jon Naustdalslid og Andreas Hompland meiner det i slike fylke vil tvinge seg fram ein ny kommunestruktur

Foto: NIBR/Scnpix - Montasje

Jon Naustdalslid

TRUR OPPGÅVENE BLIR ENDRA: Samfunnsforskar Jon Naustdalslid trur ikkje at småkommunar frå behalde alle oppgåvene sine.

Foto: NIBR

Det er dei mest sannsynlege utfalla debatten om kommunestruktur vil få, meiner sosiologen Anders Hompland og samfunnsforskaren Jon Naustdalslid.

Dei levnar dagens kommunar små sjansar til å overleva med dei grensene og oppgåvene dei har i dag.

– Det kan hende staten gir opp forsøka på å tilpasse kommunestrukturen til oppgåvestrukturen. Men då vil mange av oppgåvene forsvinne eller bli løyst av andre ordingar enn dagens primærkommunar, seier Naustdalslid.

– Viktigaste å ta vare på nøkkelen

Han meiner at anten storleiken eller oppgåvene til kommunane vil bli dramatisk forandra. Saman med Andreas Hompland skisserte han dei tre typane kommunar vi kan bli sitjande att med, under Dei heibergske samlingar sitt seminar om kommunestruktur på Kaupanger i Sogn i går kveld.

Andreas Hompland

ERFARINGAR FRÅ FRANKRIKE: Sosiolog Andreas Hompand har kjennskap til småkommunar i utlandet.

Foto: Morten Holm / Scanpix

Hompland sine erfaringar med kjernekommunar fekk det til å gå kaldt nedetter ryggen på dei mange frammøtte ordførarane.

– Eg kjenner mange veldig små kommunar frå Sør-Europa. Den viktigaste oppgåva til ordføraren i den landsbyen eg oppheld meg i Sør-Frankrike, er å ta vare på nøkkelen til den kommunale parken og bestemme kven som bruker den.

Naustdalslid meiner at ein med ein slik modell vil sitje att med kommunar som har færre og enklare oppgåver.

Pisk eller gulrot?

Alternativ nummer to er dei mykje omtalte samanslegne storkommunane. Problemet der er at nesten ingen små kommunar vil slutta seg til ein større ein - uansett kva gulrøter staten lokkar med.

– Det er eit regjeringsalterniv etter stortingsvalet i 2013 som er veldig klar på at vi skal ned i 100-150 kommunar. Då Erna Solberg var kommunalminister, strødde ho om seg med gulrøtter som ikkje blei etne. No vil ho, saman med Per Sandberg, ta mykje hardare midlar i bruk.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Samarbeid om oppgåvene

Alternativ tre, hybriden, vil du dra meir kjensel på. Fordi du sannsynlegvis bur i ein kommune som liknar på ein slik ein allereie.

– Mange småkommunar vil unngå å slå seg saman med andre kommunar, men vil likevel kunne løyse statleg pålagde oppgåver saman med nabokommunane.

Naustdalslid seier at ein annan variant er det som vet kalla samkommune.

Olav Lunden

IKKJE BEGEISTRA: Olav Lunden, ordførar og KS-leiar vil ha ei mellomløysing.

Foto: Leikanger kommune

– Det er ei organisering av felleskommunale tenester med ein slags mellomkommune mellom stat og kommue. Der opprettar kommunen nesten eit nytt nivå for å ta seg av ein del av dei større oppgåvene.

Ikkje begeistra

Olav Lunden er ordførar i småkommunen Leikanger, og fylkesleiar i KS, kommunane sin arbeidsgjevar- og interesseorganisasjon.

Han er ikkje overbegeistra for nokon av dei tre alternativa.

– Vi må prøve å finne ei mellomløysing, for ingen av desse modellane passsar kommunane i Sogn og Fjordane direkte. Det er reint praktisk umogleg å finne ein rein modell som passar. Eg meiner at ein modell der det blir teke delar av uluka modellar og byggjer på det, kan gi gode funksjonar i bygdene våre.

Felles interesser

Arvid Andenæs
Foto: Pressefoto / Sparebanken SOF

Administrerande direktør Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane la i føremiddag fram fylkesbarometeret som tek pulsen på næringslivet.

Han meiner at kommune i sterkare grad må tenkje samarbeid og går langt i å antyde at større bu- og arbeidsområde etter kvart må få konsekvensar.

– Det pendlar nesten 3000 menneske til Førde kvar dag. Dei kjem mellom anna frå Jølster, Gaular, Naustdal, Florø og Gloppen. Det som skjer i Førde, er viktig for alle kommunane rundt.

– Bør dei andre kommunane vurdere å slå seg saman med Førde?

– Eg skal ikkje konkludere, men eg ser at heile Sunnfjord har felles interesser.