Hopp til innhold

Fryktar store skader på Skålatårnet

Alvorlege lekkasjeskadar tærer på det historiske Skålatårnet i Stryn. Det 120 år gamle Skålatårnet er ein av dei mest særeigne turisthyttene i landet.

Skålatårnet

SKADER: Vatn har trengt inn i tårnet. No skal skadane reparerast.

Foto: Sabine Exner

Vatn renn inn gjennom sprekker i veggane, som mellom anna skuldast vinterbruken av bygget, skriv Bergens Tidende.

Byggmeister Bjørn Vike til avisa at reparasjonsarbeidet er utfordrande fordi det er strenge føringar på korleis eit slikt arbeid skal gjerast.

– Det er skader gå grunn av at tårnet er 120 år gammalt. Tiden og vêret har sett sine spor på tårnet. På grunn av strenge føringa på korleis kan tette, så blir det nok ei utfordring, seier han.

– Kan vere dramatisk

No er det veggane som tek inn fuktigheit og Vike seier at noko må gjerast no.

– Blir det ikkje teke tak i dette no, er det dramatisk for tårnet. Det renn i vatn i vindauga og over dører. Dette trengjer inn i murane som er på Skålatårnet, seier han til NRK.no.

Vanskelege forhold

Også i 2003 blei det store skader på tårnet. Taket bles av og bygget blei ståande utan tak heile vinteren fram mot sommaren. På grunn av vêret er det berre om sommaren det er mogleg å drive vedlikehald på tårnet.

– Det er ikkje enkelt å reparerer dette for vi er avhengig av godt ver. Det er ikkje ofte vi har lange godversperiodar på Skåla.

Ein kulturskatt

Men skadane skal reparerast og det seier Vike er viktig.

– Tårnet er ein kulturskatt, og både turlaget og næringslivet her er opptekne av at det skal restaurerast. No hastar det, for tårnet er mykje brukt. Om vinteren blir det varma opp og isen som er inne i veggane tinar. Difor hastar det, eller er dette noko som ballar på seg.

– Er det farleg å besøkje tårnet no?

– Nei, tvert imot. Alle har godt av å ta seg ein tur opp dit. Det er heller ingen problem å liggje i tårnet, men det kan bli litt fuktig til tider, seier han.