Hopp til innhold

Éin mill. til opprusting av Skåla

Stien opp til Skålatårnet er så nedsliten og dårleg at ei eiga prosjektgruppe no skal ruste den opp.

Skåla Opp

Arkivfoto.

Foto: Picasa 2.0 / NRK

Fungerande fylkesmiljøvernsjef Gunn Helen Henne seier inngrepa vert gjort så forsiktig som mogleg.

– Desse inngrepa er nødvendige for å vedlikehalde stien, men vi skal samtidig ta vare på naturen rundt, fortel ho.

Sherpaar frå Nepal

Over ein million kroner er sett av til prosjektet berre i år, og er eit samarbeid mellom reiselivet og næringslivet lokalt, i tillegg til offentlege etatar.

Det praktiske arbeidet vert gjennomført med hjelp av helikopter, ei spesialbygd gravemaskin og innleige sherpaar frå Nepal.