Hopp til innhold

Fryktar Måløybrua skal kollapse

Måløybrua kan bli øydelagt og i verste fall kollapsa. Det fryktar bruingeniør Ragnar Hagen. Han er redd for at store båtar skal krasje i brua.

Video Fryktar Måløybrua skal kollapse

SJÅ TV-SAKA: Fryktar Måløybrua skal kollapse

Skipstrafikken er stor under brua i Måløy. Derfor har Kystverket dei siste månadene sprengt ut skipsleia for å gi betre plass. Men den nye leia kan auke faren for at store båtar feilnavigerer og treff brua.

Kan i verste fall ramle saman

Ragnar Hagen

FRYKTAR FEILNAVIGERING: Ragnar Hagen seier ein krasj kan få store konsekvensar.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Følgjene kan verte årelang vegstenging og enorme reparasjonar, i yttarste fall kan brua ramle saman. Den 1,2 kilometer lange brua er eit landemerke i Nordfjord. Fleire båtar har gjennom åra gått på grunn akkurat her i det tronge sundet.

Ingeniør Ragnar Hagen fryktar feilnavigering kan få fatale følgjer og forårsake store skader der liv kan vere i fare.

– Den er ikkje dimensjonert for dagens store fartøy, seier han.

Hagen var byggleiar for Måløybrua då den blei bygd på 1970-talet og er uroa for det som han no skjer i Måløysundet.

Etter at farleiene i Måløysundet no er ferdig utvida både på breidde og djupn, vil større båtar enn tidlegare kunne passere.

– Avstanden mellom brufundamentet og båtane er no blitt minimal. Ein liten feilnavigering kan få fatale følgjer om ein båt kjører på brufundamentet, seier Hagen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Maers Flensburg under Måløybrua

STORE BÅTAR: Maersk Flensburg under Måløybrua.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Passerer tett mot midtsøyla

Då han såg kva som var i ferd med å skje i Måløysundet, sende han eit brev til Statens vegvesen og Kystverket i april og påpeika dette.

– Tidlegare var vestre farlei hovedfarlei, no blir dei meir likeverdige. Båtar vil då kunne passere enklare og halde større fart.

Problemet for Måløybrua er at heile vestre farlei blir brukt som sydgåande farlei. Fartøy kan passere ganske tett inn mot midtsøyla på brua. Frå nord er fundamentet ikkje beskytta på annan måte enn at den støttar seg mot skjæret.

Eit skip som held for langt babord vil kunne treffe fundamentet og sikringsstøypen er ikkje større enn at eit fartøy da kan treffe søyla med baugen. Sjølv om søyla er massiv i nedste del, vil ei slik påkjørsle kunne få katastrofale følgjer for brua.

Trur på å mure opp sprengstein

Ragnar Hagen si løysing på dette er at det blir mura opp sprengstein langs skjæret nord for søyla.

– Ein kan sjølv tenkje seg resultatet om ein båt på fleire tusen tonn lasta med sprengstoff køyrer på brukaret, seier Hagen.

Tommy Dahl Olsen

PROSJEKTLEIAR: Tommy Dahl Olsen hadde ansvaret for utbetringa i sundet.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Thommy Dahl Olsen som er prosjektleiar for utbetringa i Måløysundet, seier at Kystverket tilbydde Statens vegvesen sprengmassane gratis.

– Dei fekk tilbod om steinmassar frå utbetringsarbeidet i Måløysundet og Ulvesundet, seier han.

Vegvesenet takka nei til tilbodet med grunngjevinga om at dei ikkje hadde ikkje pengar og middel til å gjøre dette sikringsarbeidet. Steinmassane gjekk difor til to fyllingar i Måløy sentrum.

– Dette er trygt

Statens vegvesen har vurdert sikring, men seier no det ikkje vert aktuelt. Seksjonssjef Eivind Ytri seier dei har vore klar over tiltaka som har blitt gjort.

– Men vi ser ikkje nokon grunn til vere urolege for brua ut frå dei endringane som har blitt gjort, seier han.

– Kvifor ikkje det?

– Utbetringane har medført at det kan gå større båtar der, men fundamentet som kan bli utsett for påkøyrsle, er beskytta slik det var den gongen brua blei bygd og skulle beskyttast. Slik er det framleis, seier han.