Hopp til innhold

Måløysundet er eit problemområde

Fleire båtar har gått på grunn i Måløysundet. No skal Kystverket bruke 43 millionar kroner for å gjere farvatnet sikrare.

Halfdan Grieg hjelper Eli Star av grunn

PÅ GRUNN: Eli Star gjekk på grunn ved Trollebø. Her får brønnbåten hjelp av redningsskøyta Halfdan Grieg til å komme seg vidare.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

– Eg synest det er leitt å høyre om båtar som går på grunn, både i Måløysundet og andre stader, seier kommunikasjonsdirektør Ola Stenvaagnes i Kystverket.

Brønnbåten «Eli Star» gjekk tysdag på grunn ved Trollebø i Vågsøy. Fartøyet var det andre på kort tid som har gått på undervasskjeret på staden. I tillegg har fleire mindre båtar gått på grunn i Måløysundet.

– Sundet er merkt slik det skal vere

No vurderer Kystverket å merke Måløysundet annleis i samband med utbetringsarbeidet i sundet. Det er nemleg arbeid med utdjuping av sundet som skal ha øydelagt delar av merkinga - og som har gjort at båtane har gått på grunn.

Både lastebåten «Nyfjell» og brønnbåten «Eli Star» gjekk på grunn ved Trollebøflua. I tillegg har det vore to grunnstøytingar av fritidsbåtar i Måløysundet.

Begge desse båtane var på veg nordover, og har lagt kursen mellom dei to merke-kardinalane som markerer at det er farleg å gå der.

– Eg har fått opplyst at sundet er merkt slik det skal. Men eg synest det er flott at sjøfolk engasjerer seg, og vi lyttar til det. Vi skal no fjerne skjeret ved Trollebøflua, seier Stenvaagnes.

(Artikkelen held fram under biletet)

Eli Star på grunn

PÅ GRUNN: Slik såg det ut då Eli Star hadde gått på grunn i Måløysundet.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Skal sprenge bort skjeret

Ifølje kommunikasjonsdirektøren skal Måløysundet ha vore kjent som ei problemstrekning.

– Måløysundet har vore eit problem i mange år. Det blir betre når Trollebøflua er sprengt bort, seier Stenvaagnes.

Kystverket skal bruke 43 millionar kroner på utbetringa i Måløysundet. Boreriggen som skal brukast i samband med sprengingsarbeidet, kjem ganske raskt på plass over Trollebøflua. Då håpar Kystverket at skjeret vil vere borte innan rimeleg tid.