Hopp til innhold

Eigar av Fjord 1 klart til hausten

Ikkje før til hausten vert det klart kven som vert eigar av selskapet.

Video Fjord 1 kan bli selt til privat reiarlag
Foto: Nyhetsspiller

- Det er er prosessar som tek fleire månader, seier fylkesrådmann i Møre og Romsdal, Ottar Brage Guttelvik.

Vil selje for 362 millionar

Ottar Brage Guttelvik

IVRIG SELJAR: Ottar Brage Guttelvik, fylkesrådmann i Møre og Romsdal er klar på kven han ønskjer skal kjøpe Fjord 1-aksjene.

Foto: Trond Vestre / NRK

Møre og Romsdal Fylkeskommune vedtok i april å selge aksjene sine til Havila for 362 millioner kroner.

Guttelvik forklarar den lange tida før eit eventuelt sal med alt arbeidet som ligg bak.

- Aksjeavtalen mellom Havila og fylkeskommunane må vere på plass. Den er på plass no. Deretter skal det forhandlast fram ein aksjonæravtale mellom Havila og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Og det tek si tid. Og når dener ferdigforhandla kan Sogn og Fjordane bruke forkjøpsretten sin, seier Guttelvik.

Har forkjøpsrett

Havila

ER KLAR: Selskapet Havila har lagt over 350 millionar kroner på bordet for å kunne få kjøpe Fjord 1-aksjene.

Foto: Eva Sleire / NRK

For som hovudaksjonær har Sogn og Fjordane fylkeskommune har forkjøpsrett på aksjeposten nabofylket i nord vil selje.

- Vårt handlingsmønster er klart avhengig av korleis situasjonen utviklar seg i Møre og Romsdal, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Nils R. Sandal.

Han meiner saka er omfattande og krevjande, og seier dei arbeider med den kontinuerleg.

Vil ikkje trenere saka

Fylkesordførar Nils R. Sandal med klubbe

VIL BRUKE TID: Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Nils R. Sandal, vil ikkje trenere saka, men seier dei vil bruke den tida dei treng før eit eventuelt sal av aksjene.

Foto: NRK

- Vi vil ta den rette avgjerdsla, men då må vi ha eit skikkeleg grunnlag først. Men vi har ingen planar om å trenere saka, seier han.

I dag kjem Havila på eit informasjonsmøte med Sogn og Fjordane fylkeskommune.

- Det vil vere eit orienteringsmøte, og det er eit viktig møte for oss, seier Sandal.

  • LES OGSÅ:

Vil ha Havila

Men det er ingen tvil om kven Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer skal sitje att med aksjene i Fjord 1.

- Vi håpar at Sogn og Fjordane ikkje nyttar forkjøpsretten sin for vi vil selje til Havila, seier Guttelvik.