Hopp til innhold

Fylket sel Fjord1-aksjane til Havila

Senterpartiet røysta for sal av Møre og Romsdal fylkeskommune sine aksjar i Fjord 1. Dermed blir Fjord1-aksjane selde til Havila. No er det berre Sogn og Fjordane fylke som kan hindre Havila å ta over aksjane.

Fjord1 MRF

Havila AS kjøper Fjord1. Møre og Romsdal fylke er dermed ute av eit langt og tradisjonsrikt eigarskap.

Foto: Illustrasjonsfoto: Åge André Breivik / NRK

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Langs heile norskekysten har det offentlege eigd ferjeselskap, med skip som har kryssa fjordar og havstrekningar. I dag vedtek Møre og Romsdal fylke å kvitte seg med aksjane i eit av Noregs største ferjeselskap, Fjord1.

Sjå video:

Video Politisk thriller

Politisk thriller

Det er reiarlaget Havila i Fosnavåg i Møre og Romsdal som kjøper aksjane. Kjøpet er imidlertid avhengig av at Sogn og Fjordane fylke seier frå seg forkjøpsretten.

Burde fylkeskommunen framleis eige aksjane? Eller er det rett å kvitte seg med dei? Sei meininga di i kommentarfeltet under artikkelen.

Mindretalet ville vente

31 stemte for salet. 15 stemte imot. Fleiralet for sal kom etter at Senterpartiet signaliserte at dei ville følgje Høgre og Framstegspartiet som har ivra for sal. Arbeidarpartiet har bestemt seg for å støtte eit fellesforslag frå KrF, Venstre og SV om å gå flere runder med majoritetseieren Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Oddbjørn Vatne

Oddbjørn Vatne representerer Senterpartiet i fylkestinget i Møre og Romsdal.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det er innført eit anbodsregime der selskapa konkurrerer langs heile kysten. Selskapa har store behov for eigenkapital. Det kan ikkje fylkeskommunen tilføre. Vi må ta i vare primæroppgåvene våre. Då er det rett å selge aksjane, seier Oddbjørn Vatne, Senterpartiet.

Offshore-suksess

Havila er eit suksess-fullt offshore-reiarlag som er grunnlagt av tidlegare stortingsrepresentant Per Sævik (Krf) og familien hans. Sævik bygde seg opp i dei store sildeåra etter krigen, og satsa seinare på offshore-eventyret.

Havila har utvikla verksemda til verft, industri, eigedom og fiskeri, og omsette i 2009 for 3 milliardar kroner, og hadde 800 tilsette.

Tilbod på 350 millionar

Tilbodet frå Havila var på 350 millionar kroner for Møre og Romsdal sin aksjepost på 41%. I saksdokumenta blir det peika på at ferjedrifta kan vere med på å styrke verfta til Havila, både gjennom faste reparasjonsoppdrag og nybygg av ferjer og hurtigbåtar.

– For Senterpartiet var det avgjerande at Havila kom inn, og ikkje ein direkte konkurrent til Fjord1. Dermed gjekk denne saka i boks for Senterpartiet. Vi står samla bak dette, seier Oddbjørn Vatne.

Havila har signalisert at hovudkontoret for Fjord1 framleis skal ligge i Florø.

Revolusjon innan persontransporten

Det har vore ein revolusjon innan norsk persontransport dei siste åra. Tidlegare køyrde selskapa på langvarige konsesjonar, og var sikra langsiktig drift innan sine geografiske område. I dag er denne delen av transportsektoren basert på anbod og sterk konkurranse mellom selskapa. Selskapa er dermed ikkje lenger knytte til enkelte fylke, men har spreidd verksemda si over store deler av Noreg.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Prinsippielle innvendingar

Dette er noko av bakgrunnen for at det offentlege kvittar seg med aksjane i transportselskapa. I tillegg er det slik at fylkeskommunane har det politiske ansvaret for persontransporten. Då har det kome prinsippielle invendingar mot at fylkeskommunane både skal legge dei politiske rammene for verksemda, og å sitje som eigar av transportselskap som legg inn anbod på transporten.

To nabofylke

Fjord1-konsernet er basert på dei to selskapa Møre og Romsdal fylkesbåtar og Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane. MRF blei etablert i 1920, då fylkeskommunen kjøpte opp 12 lokale ruteselskap. Fusjonen mellom MRF og Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane skjedde 9. mai 2001, då selskapet Fjord1 blei skipa.

Frå sjø til land

Ålesund - Brattvåg til Fjord1 Buss Møre

Fjord1 er blitt eit stort buss-konsern.

Foto: Geir Løvbugt

Fram til midten på 1990-talet avgrensa MRF verksemda si til sjøverts trafikk. Då kjøpte MRF opp fleire rutebil- og transportselskap på Sunnmøre. Først kjøpte dei Mørebil i Ørsta/Volda, så Stranda og Sykkylven Billag, Storfjord Rutebilar og Sørøybuss. Etter at Fjord1 blei etablert, tok konsernet over fleire andre busselskap.

Politisk fleirtal for sal

I årevis har politiske parti, først særleg parti til høgre på skalaen, teke til orde for sal av Fjord1-aksjane. I desember 2009 vedtok fylkestinget i Møre og Romsdal å setje i gang eit arbeid for å legge til rette for sal av aksjane.

Fjord1 er eigd av fylkeskommunane Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane signaliserte tidleg i prosessen at dei ikkje var interesserte i å delta i ein felles salsprosess. Sogn og Fjordane har også forskjøpsrett når Møre og Romsdal ønskjer å selje aksjane sine.

Fleire selskap i salsprosessen

Det har vore ei rekkje selskap som har vore interessert i salsprosessen. Dette er selskap som Torghatten, Tide, Veolia, Keolis og Havila. Etter at fristen for å gå vidare med salsprosessen gjekk ut, var det berre Torghatten, Tide og Havila som sto att.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL