Hopp til innhold

Vil halde fram kampen for nynorsk

Sogn og Fjordane Høgre vil kjempe mot eige parti.

Noralv Distad

Fylkesordførarkandidat Norval Distad i Høgre vil halde fram kampen for nynorsk i ungdomsskulen.

Foto: pressefoto, Høgre

På landsmøtet førre helg vedtok Høgre sitt landsmøte med stort fleirtal at elevane i ungdomsskulen skal kunne velje vekk nynorsk.

Heile delegasjonen frå Sogn og Fjordane stemde imot fleirtalet i partiet. Sjølv om dei tapte denne røystinga, vil dei ikkje gje opp kampen.

Les òg: Embla Belsvik (17) skuffa over eige parti etter nynorskvedtak

- For viktig til å gje opp

Embla Belsvik på Høgre sitt landsmøte

SKUFFA: Leiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre, Embla Belsvik, snakka sitt eige parti midt imot under Høgre sitt landsmøte.

Foto: Tomas Moss/ICU

Sogn og Fjordane Høgre seier dei vil halde fram kampen for nynorsken, trass i at dei har eit stor fleirtal imot seg. Landsmøtet vedtok forslaget søndag med 164 mot 87 stemmer.

- Det er nok eit spørsmål som er så viktig at det bør jobbast vidare med. Me treng ei grundigare utgreiing, seier fylkesordførarkandidat Norval Distad.

Vil ta saka opp igjen med partiet

- I neste omgang no skal ein vedta programmet for Høgre for neste stortingsperiode, og då vil me ta saka opp igjen, seier Distad.

Og Distad trur ikkje det er umogleg å få partiet til å snu.

Erna Solberg

Norval Distad får støtte av partileiar Erna Solberg.

Foto: Holm, Morten / Scanpix

- Me veit at me får støtte av både partileiaren og nestleiaren i ryggen. Det er ein fordel både for elevane og for dei to skriftspråka våre at det blir undervist i begge deler i ungdomsskulen, seier Distad.