Hopp til innhold

Embla Belsvik (17) skuffa over eige parti etter nynorskvedtak

Embla Belsvik (17), leiar for Sogn og Fjordane Unge Høgre, snakka sitt eige parti midt imot under landsmøtet i Oslo i dag. Ho går ikkje med på å fjerne nynorsken frå timeplanen.

Embla Belsvik på Høgre sitt landsmøte

SKUFFA: Leiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre, Embla Belsvik, er skuffa over sidemålsvedtaket under Høgre sitt landsmøte.

Foto: Tomas Moss/ICU

Elevane i ungdomsskulen skal kunne velge bort nynorsk. Det vedtok Høgre sitt landsmøte med stort fleirtall i dag.

Det likar ikkje den yngste delegaten på landsmøtet, 17 år gamle Embla Belsvik frå Florø. Ho kjempar for å behalde sidemålsundervisinga.

– Mange vil føle seg krenka

– Eg trur mange vil føle seg krenka av dette vedtaket. Vi har to likestilte skriftspråk i Norge, og for dei 25 prosenta som nyttar nynorsk er dette viktig, seier Belsvik.

Ho meiner dette er ein diskusjon om nynorsk og ikkje om sidemål, og det reagerer ho kraftig på. 17-åringen har likevel forståing for at mange ønsker at sidemål skal vere valfritt.

– Eg reagerer likevel på at Høgre vil fjerne den skriftlege undervisninga og den skriftlege eksamen i sidemål, seier Belsvik.

Skuffa over vedtaket

Landsmøtet vedtok forslaget søndag med 164 mot 87 stemmer. Nynorskforkjemperen Arne Hjeltnes kjempa for sidemålet til siste slutt.

Arne Hjeltnes på Høyres landsmøte

SKUFFA: Arne Hjeltnes gir ikkje opp kampen for nynorsken.

Foto: Tomas Moss (med tillatelse fra Høyre)

– Klart eg er skuffa. Det er ikkje over enno. Dette var eit vedtak i ein resolusjon, og ikkje partiprogrammet, seier Hjeltnes til NRK.no.

Dei som stemde for vedtaket har argumentert med at det er viktig for skuletrøytte å kunne konsentrere seg om basisferdigheitene.

Meiner sidemål er viktig for alle

Høgre har i dag partifesta at sidemål skal vere valfritt i den vidaregåande skulen. Vedtaket i helga gjeld ungdomsskulen, og heile delegasjonen frå Sogn og Fjordane stemde imot fleirtalet i partiet.

– Eg er for sidemål på vidaregåande, men det er viktig at alle lærer seg sidemål i grunnskulen. Vedtaket er skuffande og dumt, for eg veit at veldig mange kjem til å velge vekk sidemål, seier Belsvik.

Ho seier sidemål er viktig både for dei som nyttar bokmål og dei som nyttar nynorsk.

– Det er dumt at dette har blitt ein debatt om nynorsk. Det er like viktig for nynorskbrukarar å lære bokmål. Dersom ein skal jobbe i til dømes kommunar, så må ein kunne svare på brev på begge skriftspråka. Det er viktig med obligatorisk sidemålsopplæring for å klare ein slik jobb, seier Belsvik.

STEM: Bør sidemål vere valfritt?

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.