Hopp til innhold

Slutt for bompengar på ferja

Seks år før planlagt, er den bompengefinansierte Bogstunnelen på E39 mellom Lavik og Vadheim nedbetalt.

Bogstunnelen på E39

NEDBETALT: Strekninga Teigen - Bogen på E39 er nedbetalt seks år før tida.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Frå 30. april blir det dermed blir det slutt på innkrevjinga av bompengar på ferjebilletten på sambandet Lavik - Oppedal, skriv avisa Ytre Sogn.

Lavik ferjekai

BILLEGARE: Frå mai blir ferjebilletten 22 kroner rimelegare.

Foto: Ottar Starheim / NRK

For ein personbil vil ferjebilletten bli 22 kroner rimelegare, frå 101 i dag til 79 kroner.

Sterkare trafikkauke enn rekna med er ei av årsakene til den raske nedbetalinga av vegprosjektet Teigen - Bogen som først skulle vore nedbetalt i 2017. Ei anna årsak er at rentene har vore lågare enn rekna med.

– Totalt er det betalt inn rundt 80 millionar kroner i bompengar av dei 160 millionane som prosjektet kosta, seier styeleiar Ingrid Heggø Høyanger Gulen Bompengeselskap til NRK.no.

Ho seier at dette har skjedd mange år før dei rekna med.

– Det skuldast at trafikkauken har vore så stor dei siste åra.