Hopp til innhold

Snart slutt på bompengane

Bompengeinnkrevinga på ferjesambandet Lavik-Oppedal blir avslutta nesten seks år "før ruta".

Lavik ferjekai

Bilistane kan sjå enden på bompengebetalinga på Lavik-Oppedal.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Då det vart innført bompengar på strekninga for å finansiere Bogstunnelen vart det rekna med at trafikantane måtte punge ut heilt til 2016.

- Men no ser det ut til at det heile er nedbetalt ved årsskiftet 2010-2011, seier styreleiar Ingrid Heggø i Høyanger Gulen Bompengeselskap til avisa Ytre Sogn.

Stor trafikkauke

Årsaka er at trafikken på Lavik-Oppedal har vore langt større enn det bompengeselskapet rekna med då arbeidet vart sett i gang.

- Vi rekna med ein auke på ein prosent, men den har vore langt større, på det meste mellom seks og sju prosent på eitt år, seier Heggø.

Låg rente

I tillegg til trafikkauken har det låge rentenivået og hjelpt godt til.

Bompengeselskapet blir avvikla når lånet er ferdig nedbetalt. Det er ikkje aktuelt å finansiere utbetringa av strekninga Teigen-Torvund med bompengar.