Hopp til innhold

Sogndal og Førde i fotballkrangel

Fylkes to fremste fotballklubbar er i full krangel om 19-åringen Ruben Holsæter.

Ruben Holsæter

FULL KRANGEL: Ruben Holsæter (18) hadde suksess med Førde i fjorårets 2. divisjon. No er han midtpunkt i krangelen mellom Førde og Sogdnal.

Foto: Rune Fossum / NRK

Førdespelaren valde i vinter å halde fram med spel i Førde-drakta . Sjølv om Eliteserielaget Sogndal ynskte vingspelaren.

I Sogndal går det no rykte om at Førde krev 800 000 kroner for spelaren som i fjor scora 12 mål i 2. divisjon.

- Tull og tøys, seier Førde-leiarane Knut Folkestad og Jo Inge Gåsvær til avisa Firda.

Samde om 300 000

I fjor sommar kravde Førde 450 000 kroner for Holsæter. Då med tanke på at dei måtte hente inn to spelarar som erstatning.

Folkestad, som er styremedlem i Førde, fortel til avisa at klubbane i vinter vart samde om totalsummen 300 000 kroner.

- Men medan vi vil ha utdanningskompensasjon for Tippeliga (260 000) pluss 40 000, så vil Sogndal berre gje oss utdanningskompensasjon for Adeccoliga med ein gong (160 000). Dessutan 140 000 til etter at Ruben har spelt høvesvis 20, 35 og 50 kampar frå start for Sogndal, seier han.

Tyner veslebror

Gåsvær fortel at Sogndal ved to høve har prøvd å hente Holsæter på proffkontrakt utan å forhandle med Førde.

2. divisjonsklubben kjenner seg som veslebror som skal tynast. Frustrasjonen gjeld ikkje berre overgangen til Holsæter, men også overgangen til Christoffer Hafsås.

Den sogndalaktuellet måltjuven frå Eid valde i desember å spele for Førde . Sunnfjordingane forhandla med Eid om spelaren ettersom han ikkje hadde kontrakt med Sogndal.

- Vi har gjennom media også blitt konfrontert med at det skal ha vore ein avtale mellom Sogndal og Førde om at dersom Christoffer Hafsås gjekk frå Eid til Førde, så skulle Ruben Holsæter gå frå Førde til Sogndal, seier Folkestad til Firda.

Det har ikkje lukkast NRK å få kommentarar frå verken dagleg leiar Egil B. Mundal, eller sportsleg leiar Trond Fylling i Sogndal.