- Det kan sjå ut som om den tidlegare rådmannen har forfalska dokument, fortel politiadvokat Jørn Lasse Refsnes.
- LES OGSÅ:
Inn til avhøyr
Det er starta full etterforsking mot den tidlegare rådmannen i Bremanger i samband med Terra-skandalen.
- Toppleiinga i kommunen blir kalla inn til avhøyr like på nyåret, fortel Refsnes.
Kommunen har tapt enorme summar på finansiell gambling, og eks-rådmannen Tor Kristian Gulhaugen er mistenkt for dokumentfalsk.
- LES OGSÅ:
Mangla godkjenning
Det er fylkesmannen sin rapport frå 9. november i år, der det kjem fram at Gulhaugen utan politisk godkjenning endra kommunen sitt finansreglement, som gjer at politiet har starta full etterforsking i saka.
- Det er naturleg at vi kallar inn ein del vitner og tidlegare rådmann for å høyre kva han har å seie, seier politiadvokaten.
Endringa av reglementet gjorde det mogleg å foreta mange svært så risikofulle investeringane. Så langt har kommunen tapt 234 millionar kroner på Terra-skandalen.
- LES OGSÅ:
- Tukla med reglementet
NRK har gjentatte gonger prøvd å få tak i den tidlegare rådmannen, men han har ikkje teke kontakt tilbake.
- Det kan sjå ut som at det er tukla med finansreglementet i Bremanger kommune som er sendt ein meklar i Terra-systemet i høve ein avtale om opsjonar, forklarar Refsnes.
Ordførar Kåre Olav Svarstad er på si side glad for at politiet etterforskar saka.
- Vi kan ikkje leve med påstandar om dokumentfalsk. Vi må få alle fakta på bordet, og det kan politiet hjelpe oss med, seier ordføraren.
Kripos kan bli kopla inn
- Denne endringa i finansreglementet, var det andre i kommunen som var med på dette eller var rådmannen aleine?
- Det er jo det politiet skal finne ut av, og difor kan eg ikkje kommentere det.
Kripos kan bli kopla inn i saka om politiet ønskjer det.
- Dersom vi ser at vi har behov for det vil vi be om hjelp frå dei, seier politiadvokat Refsnes.
- LES OGSÅ: