Hopp til innhold

Fjærlandsbommen er historie

Klokka 10.55 løfta statsrådane Magnhild Meltveit Kleppa og Liv Signe Navarsete opp bommen i Fjærland. Dermed er Norges nest dyraste vegbom historie.

Statsrådar, bygdefolk prominente gjester og eit stort pressekorps - alle var alle på plass då siste bilist betalte bompengar i Fjærland klokka 10.54.

Fotballpresidenten var den siste

Den aller siste som betalte 180 kroner for å passere, var fotballpresident Yngve Hallén i ein blankpollert Volvo Amazon.

– Dette er ein stor dag for idretten i heile fylket, sa Hallén i det han for siste gong vart ekspedert i billettluka.

Løfta bommen

Klokka 10.55 gjekk samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa og kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete fram og manuelt løfta opp bommen på bomstasjonen i Fjærland.

Til jubel og tutande bilhorn kunne dei første bilane passere gratis etter 16 år med pengeinnkreving på riksveg 5 - som fram til Finnøytunnelen i Rogaland opna i vår, var Norges dyraste vegbom.

– Fantastisk å vere med på

– Eg tykkjer det er fantastisk å få vere med på dette. Men det har så absolutt vore verdt det. Bompengar var einaste måten å få finansiert vegen, seier Kleppa til NRK.

Statsråd-makker Navarsete tek også fram store ord.

– At Fjærlandsvegen no er bomfri er ein milepæl i Sogn og Fjordane, slik det også var då den opna for trafikk. Det er den viktigaste vegen i fylket på den måten at den bind fylket saman, seier Navarsete.

Dei to noverande statsrådane hadde selskap av eit tidlegare regjeringsmedlem, Kjell Opseth. Han var sentral då vedtaket om bygging av Fjærlandsvegen vart fatta.

– Eg er jo litt medskuldig i at vi står her. Det er ein stor dag for fylket, seier den pensjonerte toppolitikaren.

Overrekte sjekk på 5 mill.

Den største overraskinga under seremonien stod samferdsleminister Kleppa for. Ho overrekte ein sjekk på fem millionar kroner til Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll. Pengane skal gå til å lage nytt kryss med avkøyring til sentrum i Fjærland.

– Eg er overraska og glad. Det er ei rett og viktig avgjerd frå statsråden, seier Aarvoll som legg vekt på at det ligg mykje godt arbeid frå lokale krefter bak sjekken frå Kleppa.

Artikkelen blir oppdatert med biledgalleri og intervju.

Bomfest i Fjærland

FOLKEFEST: Stort oppmøte ved bomstasjonen i Fjærland.

Foto: Arve Uglum / NRK