Hopp til innhold

Bomslutt kan gje handelskrig

Ein handelskrig kan stå på trappene i Sogn og Fjordane: Når Fjærlandsbommen stengjer, lokkar både Førde og Sogndal til kjøpefest.

Sogningen storsenter og Handelshuset

Når bommen stengjer kan det verta handelskrig mellom Sogndal og Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Når Fjærlandsbommen stengjer og bompengane går frå 180 kroner til 0, vert skilet mellom dei to største handelsstadene i fylket brått langt mindre.

I tillegg er julehandelen i gang, og mange er på utkik etter ein god handel.

Trond Valaker er leiar i Førde industri- og næringssamskipnad, og vil gjerne lokke sogningar til Førde:

– Vi har nattope kvart år, men i samband med at bommen stengjer har vi ein tilleggsaktivitet. Vi har fylt opp ein tilhengjar med varer som vi skal gje bort til ein heldig vinnar, seier han.

Spanande konkurranse

Oddbjørn Bukve

Professor og regionforskar Oddbjørn Bukve seier det vert spanande å sjå handelsutviklinga framover.

Foto: Hisf

Professor og regionforskar Oddbjørn Bukve trur ikkje Førde kan vera for trygge på å kome av best ut av kampen om kundane:

– Sogndal er utfordraren. Får sogningane eit like godt tilbod i eigen region som dei får ved å reise langt, er det mogleg å tette handelslekkasjen frå Sogn, seier han.

Likevel syner tal frå Statistisk sentralbyrå at detaljhandel per innbyggjar i Førde var 129 000 kroner i fjor. Det er 40.000 kroner meir enn i Sogndal.

Dermed kan forholda liggje betre til rette for næringslivet i Førde.

Høyr radiosaka:

Omlandet

Reklamar frå Sogndal og Førde

Næringslivet i Sogndal og Førde reklamerer ivrig.

Foto: Hans Kristen Hyrve / NRK

Ifylgje Trond Valaker kjem mange frå omlandet inn til Førde for å handle. Det tener næringslivet i byen godt på. Når bomstasjonen i Fjærland stengjer ser han meir omland på andre sida.

Eva Hallaren er leiar av Sogningen storsenter, og seier det er viktig at næringslivet og kundane i Sogn greier å samle seg.

– Sogndal er mykje meir enn handel. No er det viktig at vi greier å stå saman og syner breidda i kva vi kan tilby, oppfordrar Hallaren.