Hopp til innhold

Svært kritisk til Melodi Grand Prix-pengar

Ungdomspolitikarar i fylket meiner det er feil å bruke nesten ein million kroner på Melodi Grand Prix-delfinalen i Florø.

Tore Storehaug

KRITISK: Tore Storehaug, fylkesleiar i Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU), er kritisk til løyvingane frå fylkeskommunen.

Foto: Vegard T. Foseide / NRK

I januar kjem MGP-sirkuset til kystbyen, men fleire ungdomspolitikarar kritiserer fylkeskommunen sine løyvingar til arrangementet.

Gir 900 000 kroner

Fylkesordførar Nils R. Sandal forsvarar å bruke 900 000 kroner på å få realisert delfinalen.

Men fylkesleiar i Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU), Tore Storehaug, er ein av mange ungdomspolitikarar som no går høgt på bana mot denne pengeløyvinga. Han får også støtte av fleirtalet i Fylkestinget for ungdom.

(Artikkelen held fram under avstemminga)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Storehaug fryktar at løyvinga til arrangementet i Florø vil gå ut over andre tilbod. Kulturutvalet har nemleg eit innsparingskrav på 1,5 millionar kroner.

– Det er mykje betre å bruke pengane på bokbåten, junior-NM på ski og den kulturelle skulesekken. Dette er mykje viktigare enn ein delfinale i Melodi Grand Prix, seier Storehaug.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nils R. Sandal under fylkestinget for ungdom

Nils R. Sandal besøkte Fylkestinget for ungdom i helga.

Foto: Birthe J. Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Forsvarar prioriteringa

– Det bra at vi får Melodi Grand Prix til fylket, men det er eit lite paradoks når politikarane kan knipse fram 900 000 kroner samstundes som det skal kuttast i kulturtilbodet. Men eg meiner då ein også bør vere tøff nok til å gå tilbake på innsparingskravet, seier Storehaug.

Fleirtal i fylkestinget gjekk inn for å støtte arrangementet, og fylkesordføraren forsvarar framleis prioriteringa.

– Arrangementet har ein veldig positiv verdi, så det var riktig at vi gjekk inn å såg i eksplisitt på saka. Eg trur arrangementet vil motivere ungdom til å delta i kulturlivet, seier Nils R. Sandal til NRK.no.