Hopp til innhold

Sundnes gler seg til Florøfinale

- Det blir heilt topp å komme til Florø. Vi skal vise Norge kor Florø er og kva byen består av seier MGP-general Per Sundnes.

Per Sundnes

MGP-programleiar Per Sundnes gler seg til å kome til Florø.

Foto: Fredrik Arff / NRK

Onsdag vart det klart at Florø er ein av vertsbyane for delfinalane under Melodi Grand Prix neste år. Hardt og tidkrevjande arbeid har endeleg lukkast.

- Vi har klart å få til dette fordi vi kan. Vi har jobba hardt og lenge og har fått med oss fylkeskommunen og store næringsaktørar, seier Per Øyvind Helle i eventselskapet «Hipp Hipp Flora».

Gledar seg på Florø sine vegne

Også Sundnes som saman med Anne Rimmen skal leie NRK sine MGP-sendingar gler seg på Florø sine vegne.

- Det er dette Melodi Grand Prix handlar om, å komme ut til folket, seier Sundnes.

- Tilfører unik kompetanse

Til saman er det 130 personar frå produksjonsselskapet Dinamo og 100 tonn utstyr som skal gjere Flora idrettssenter om til ei spektakulær showscene. Og MGP-sirkuset er også noko som Florø kan tene på i framtida meiner Sundnes.

- Når NRK og Dinamo kjem til Florø så tar vi jo med oss massevis av kompetanse. Viss folk føl med i timen så vil dei kunne tileigne seg ein produksjonskompetanse som dei kan dra nytte av framover, seier Sundnes.

(Artikkelen held fram under biletet)

Florø får MGP

Per Øyvind Helle (nr 1 frå venstre) jubla onsdag over at dei har fått den eine delfinalen.

Foto: Birger Meland / NRK

Han viser til at lokale folk vil få oppgåver i samband med arrangementet og at ein av erfaring har sett at dette gjer dei lokale miljø rusta til å ta på seg store arrangement av andre slags.

- Dette er jo på ein måte ei form for utdanning som igjen betyr kompetanse til å arrangere andre store festivalar, seier Sundes entusiastisk.

Han viser mellom anna til Parken-festivalen i Bodø, der det er dei same lokale kreftene som har bidrege til MGP som står bak.

- Erfaringa desse fekk frå MGP-delfinalen har vist dei at dei kan få ting til, forklarar Sundnes.

- Vi skal setje Florø på kartet

Han meiner også ein delfinale i Melodi Grand Prix sirkuset har generell reklameeffekt for kystbyen i Sogn og Fjordane.

- Denne kvelden set vi Florø på kartet. Om det så berre er for ein laurdag, så blir det ein laurdag der heile Norge sitt fokus er på nettopp Florø, seier Sundes.

For under delfinalen som vert sendt direkte på NRK1 blir det ikkje berre musikk. Tradisjon tru tek programmet seg også tid til å presentere vertsbyen.

- Norge skal få sjå kor Florø er og kva Florø består av. Såleis er det ei super anledning til å vise seg fram i beste sendetid, seier Sundnes.