- Vi har vel det utstyret på vestlandet som kanskje er eldst og som har størst behov for utskifting, seier konstituert direktør Vidar Vie i Helse Førde.
- LES OGSÅ:
Vil bruke fleire millionar
Til styremøtet fredag foreslår Vie å bruke 36,5 millionar kroner alt i haust på nytt medisinsk utstyr, for å fjerne litt av verstings-stempelet Helse Førde har fått.
Av dei nær 90 millionane til investering som Helse Førde har til disposisjon til og med 2011, vil Vie bruke 36,5 million allereie i haust. Og det som har størst risiko for havari blir skifta først.
- LES OGSÅ:
Maskin gav røykutvikling
Laurdag var det stor røykutvikling ved Lærdal sjukehus og i alt 28 personar måtte evakuere sjukehuset.
Det skuldast ei gamal desinfeksjonsmasking. Nye står på prioriteringslista både i Lærdal, Førde og Eid.
- Det er eit eksempel på at det er viktig at vi får gjort investeringane no, seier Vie.
- LES OGSÅ:
Får ny CT i Eid
Nordfjordeid skal få ny røntgen eller såkalla CT maskin avdi havari-risikoen er stor, og det blir fem nye ambulansebilar alt i haust.
- Eg synest vi med dette, og det som vil kome med lister utover det næraste halvåret, har kome langt, seier han.
Må få orden
Det er enno ikkje klart kva for investeringar som vil bli gjort i 2011. Det kjem i desember eller tidleg neste år, men han understrekar at orden på økonomien blir det viktigaste framover.
- Det aller viktigaste er at vi får ein økonomi som gjer at vi på sikt har ei investeringsevne.