Hopp til innhold

Brukar millionar på nye ambulansar

Helse Førde meiner dei bør byte ut ambulansar kvart år.

Ambulanse

Helse Førde kan få fem nye ambulansar allereie i haust om styret i helseføretaket går inn for det på styremøte i neste veke.

Foto: NRK

- Vi ønskjer å få klarsignal frå styret slik at vi kan skifte ut ambulansar, seier konstituert administrerande direktør Vidar Vie i Helse Førde.

Vil bruke 6,5 millionar

Vidar Vie

Konstituert administrerande direktør Vidar Vie i Helse Førde

Foto: NRK

Helse Vest har som kjendt gjeve helseføretaket moglegheit til å auke investeringsramma med 60 millionar kroner.

- Vi vil bruke 6,5 millionar på å skifte ut ambulansar som har gått langt. Og det er viktig å få til denne utskiftinga no, seier Vie.

Bør skifte kvart år

Styremøte i Helse Førde

Styret i Helse Førde har fått forslag om ei investering på 6,5 millionar kroner til ambulansar på bordet.

Foto: Trude Bakke / NRK

I styresaka som blir behandla i neste veke står det at: det med grunnlag i køyrte kilometer per år og tal bilar bør det som eit minimum bytast ut fem ambulansar årleg i Helse Førde. Dette er vurdert utifrå reperasjonskostnader og driftssikkerheit.

Det er to år sidan siste innkjøp av ambulansar i føretaket, og administrerande direktør ønskjer å setje i verk bestilling av fem nye ambulansar i haust.

Helse Førde vil også vurdere om det er rom for det i budsjettet til å skifte ut fleire ambulansar i 2011.