Hopp til innhold

821 000 såg Ola Braanaas

Heile 821 000 TV-sjåarar benka seg framfor skjermen for å sjå «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» med Ola Braanaas.

Ola Braanaas

Programmet med Ola Braanaas blei det femte mest sette sist veke.

Foto: Eivind Nordvik Hauge

Det betyr at 42 prosent av TV-sjåarane søndag kveld såg programmet der programleiar Oddgeir Bruaset hadde teke turen til oppdrettsgründeren i Gulen.

Ola Braanaas bur på Svinøya, ein liten holme ved innløpet til Sognefjorden. Der administrerar han den største fiskeoppdretten i Sogn og Fjordane.

På femteplass

Det mest sette programmet sist veke var Nytt på Nytt som fekk 1 380 000 sjåarar.

«Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» hamna på ein 5. plass, med «Skavlan», «Seinkveld med Thomas og Harald» og «Beat for Beat »på plassane føre.

Populær på Kvasir

Og det var ikkje berre på TV-skjermen at Braanaas er populær. På søkemoteren Kvasir var han på 2. plass på lista som viser mest brukte søkeord siste døgnet.