Hopp til innhold

Sigrid vann Fylkestoppen igjen

Nok ein gong vart det ein jamn Fylkestopp. Berre to poeng skilde dei to i toppen.

Sigrid Moldestad fekk to prisar denne helga.
Foto: Therese Asker

Svært små marginar

Sigrid Moldestad vart kåra til årets folkemusikar 9. september. I dag, berre ei veke seinare, vann ho Fylkestoppen i Sogn og Fjordane nok ein gong. Men marginane var også denne månaden små. Berre to poeng skilde Moldestad frå Eva & The Heartmaker, som kom på andre plass med radiosuksessen Mr. Tokyo.
Les og; Jamnare Fylkestopp finn du ikkje

Veteran inn på lista

På tredjeplass hamna veteranen Olav Stedje med melodien "Ikkje utan deg" frå den nye plata hans. Stedje kjem med nytt album i starten av oktober, og denne låta er første smakebit derifrå.
Les og; Desse låtane kjempa om å vinne i september.

Resultat Fylkestoppen september 2010

Pl.

Melodi

Artist

Poeng

Mnd

1.

Ein Sæl Kyss

Sigrid Moldestad

274

5

2.

Mr. Tokyo

Eva & The Heartmaker

272

2

3.

Ikkje utan deg

Olav Stedje

254

Ny

4.

Høyr Itte

Tyyl!

243

3

 

Ut av lista:

 

 

 

5.

Scars

Iselin Solheim

239

Ny

6.

Det vil alltid finnast ein bar

Steinar Engelbrektson band

237

3

7.

So Surreal

The Micropops

217

Ny