Hopp til innhold

Bondelagsleiar sjokkert over dom

Leiar Per Hilleren i Sogn og Fjordane Bondelag håpar at sauebonden Johan Berge ankar domfellinga etter jervedrap.

Per Hilleren

Per Hilleren, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, opnar for at bondelaget kan støtte sauebonden Johan Berge dersom han ankar domen etter jervedrapet i 2008.

Foto: Eline Buvarp Aardal / NRK

Sauebonden tapte saka fullstendig i Fjordane tingrett , og vart dømd til å betale 20 000 kroner i bot etter at han i 2008 felte ein jerv som jaga sauene hans.

At jegeren ikkje fekk gjennomslag for naudverge, sjokkerer leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hilleren.

- Eg tykkjer domen er skremmande for næringa, og eg håpar difor at saka blir anka, seier han.

Bør stå sterkare

Hilleren viser til at jerven vart skoten i rovdyrfri sone, og meiner naudvergeretten i endå sterkare grad skulle vore gjeldande.

- Den var i ferd med å angripe ein flokk. Skal du seie at ein naudvergerett ikkje gjeld så lenge den ikkje har vore borti og drepe eit dyr hos deg? Eg meiner den også må gjelde i førebyggande arbeid, seier Hilleren.

Ville fått fellingsløyve

Sauebonden skaut jerven i Stryn medan han og ein annan sauebonde vakta sauene sine på utmarksbeite. Jerven var felt i fullt driv mot saueflokken. Berge hadde søkt, og ville fått, fellingsløyve frå Fylkesmannen. Han melde sjølv frå om fellinga til politiet.

Jerv er freda rovvilt, og Fjordane tingrett meiner mannen i staden burde prøvd å skremme vekk jerven utan å avlive den. Berge seier at jerven vart felt på det andre av tre skot. Han melde sjølv frå om fellinga til politiet.

Handla i naudverge

Berge meiner at han løyste skota i naudverge for å beskytte sauene, og godtok ikkje bota på 10 000 kroner . Dermed enda saka i tingretten, men heller ikkje her vart bonde høyrd.

I tillegg til bota på 20 000 kroner, må Berge ut med 15 000 kroner i sakskostnader.

Sauebonden ynskjer ikkje å la seg intervjue om saka, men seier i ein knapp kommentar at han trudde naudvergeretten stod sterkare. Forsvararen til mannen, Mari Kjellevodl Brygfjeld, seier dei vurderer å anke saka.

- Vi la ned påstand om frifinning, og min klient meiner han handla i naudverge, og ein dom i motsett favør er difor sjølvsagt skuffande, seier ho.

Viktig prinsippsak

Fylkesleiaren i Bondelaget meiner det er ei viktig prinsippsak for bøndene sin rett til å forsvare eigne dyr. Han opnar for at bondelaget kan støtte jegeren med ein eventuell anke.

- Dersom denne domen blir ståande, så fryktar eg det verste. Eg oppmodar vedkommande som er dømd til å anke. Dette kan vi ikkje finne oss i, avsluttar han.