Hopp til innhold

Godtek ikkje bot for felt jerv

Sauebonden Johan Berge frå Stryn nektar å vedta bota, etter at han i 2008 skaut ein jerv på Strynefjellet.

Mannen skulle sjå til sauene, då ein jerv gjekk til angrep på tre av sauene hans som beita i Skjeringsdalsbotnen på Strynefjellet. Berge hevda han skaut i naudverje.

- Eg kjem ikkje til å godta førelegget, seier han til avisa Fjordingen .

- Mild reaksjon

Politijurist Knut Broberg skildrar førelegget som ein mild reaksjon fordi Berge handla rett på mange måtar. Han kontakta fylkesmannen for å få fellingsløyve på jerven, og han kontakta politiet også etter at jerven var skoten.

- Men vår vurdering er at Berge kunne jaga vekk jerven og venta med fellinga til løyvet vart gjeve, seier Broberg.

Førelegget er skrive ut på bakgrunn av at eit freda dyr vart felt utan løyve.