Hopp til innhold

2000 tonn stein i tusen knas

Tysdag sprengde Statens Vegvesen vekk den faretrugande steinen over vegen i Årdal

Video 2000 tonn stein sprengd vekk

SJÅ DEN PERFEKTE SPRENGINGA: Salva råka nøyaktig den delen som var planlagt.

- Sprenginga gjekk tilnærma perfekt, så me er veldig nøgde, seier Arvid Brennset, byggjeleiar i Statens Vegvesen.

Vanskeleg sprengingsarbeid

Sprenging i Årdal

Det brune feltet vitnar om at mesteparten av den faretrugande steinen er vekke.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Fredag starta eit stort vegarbeid som skal gjere vegen mellom Øvre Årdal og Årdalstangen tryggare. Då den første store salva gjekk klokka 11 i dag var det 2000 tonn stein som skulle sprengast vekk.

Steinen over fylkesveg 53 mellom Øvre Årdal og Årdalstangen har vore faretrugande lenge. Men fordi det var vanskeleg å finna ein måte å sprengja den vekk på utan at det var nokon fare for mannskapet, har Vegvesenet måtte førebu sprenginga lenge.

Les også: Krev to legar under vegstenging

- Kan kanskje opna vegen tidlegare

Arvid Brennset

Arvid Brennset, byggjeleiar i Statens Vegvesen

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

I framkant av sprenginga har også Vegvesenet varsla at det kan ta 11 dagar før vegen er rydda og klar til bruk. I mellomtida går det båt mellom dei to bygdene, men Brennset meiner det er håp om å få opna vegen tidlegare enn fyrst varsla.

- Me er litt meir optimistiske no, og trur me kanskje kan få opna vegen tidlegare enn som så. Men før me lover noko må me få undersøkt sprengingsområdet litt betre

Sprenging i Årdal

Frå sprenginga i Årdal-

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK