Hopp til innhold

Krev to legar under vegstenging

Innbyggjarane i Årdal er uroa for lengre tid til legehjelp.

Folkemøte i Årdal

På folkemøte i Årdal om vegstenginga var det fleire som var uroa for tilgangen til legehjelp medan fylkesveg 53 mellom Øvre Årdal og Årdalstangen vert stengt i august.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Det var folkemøte om vegstenginga i august på fylkesveg 53 i Årdal måndag kveld.

Store utfordringar

Midnestunnelen i Årdal

Denne vegen vert stengt i elleve dagar medan Statens vegvesen driv sprengingsarbeid.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Og det vert mange utfordringar når ei stor, trugande steinblokk i fjellsida skal sprengast så vegen vert stengd mellom Øvre Årdal og Årdalstangen.

Vegvesenet må stengje vegen på fylkesveg 53 i i elleve dagar, og det medførar mykje planlegging og uro hjå folk som bur i området.

Krev to legar på vakt

- Det¨må kome ein legevakt på Tangen og ein i Øvre Årdal når dei stengjer vegen, seier Leif Inge Lerum.

Han er uroa for korleis det vil gå om nokon vil trenge akutt legehjelp medan vegen er stengt.

Det er sett opp båtar som skal gå kvart 20 minutt mellom dei to stadane. Men det meiner Lerum ikkje er godt nok.

Kvart minutt tel

- Vert ein sjuk kan kvart minutt telje. Difor meiner eg at det bør vere ein vakthavande lege på vakt ein av stadene, og at det samtundes er ein lege i bakvakt på den andre staden.

Men det ligg ingen konkrete planar føre for korleis legetilbodet skal bli organisert ved vegstenginga.

Kostar store summar

I tillegg til utfordringar for privatpersonar som bur i området, vil Hydro få betydeleg ekstraarbeid på grunn av sprengingsarbeidet.

- All tilgang til råmateriale vil bli blokkert, og vi har prøvd å sjå på kva vi kan fylle opp, og kva for materiale vi kan ha liggande, seier verksdirektør Olaf Wigstøl.

Han understrekar at det vil koste Hydro dyrt for kvar dag som går med arbeid på vegen utover dei elleve planlagde dagane.

Veit ikkje kor lenge det varer

- Det vil gå bra med dei elleve dagane, men utover det vil vi kome opp i betydelege summar, seier Wigstøl.

Seksjonsleiar Eivind Yttri fortalde under folkemøte måndag at det er usikkert kor lenge vegen vert stengd ved Midnestunnelen.

For kor lang tid det tek avgjer steinblokka på 850 kubikk som skal vekk.

Men når den trugande steinblokka vert vekke, skal altså fylkesveg 53 bli tryggare.

Stor jobb

- Dte er ikkje ein ubetydeleg sprengingsjobb vi skal til med, og det vil alltid vere knytt usikre moment til ein slik jobb, forklarte Yttri.

Sigbjørn Rivedal er nabo til sprengingsområdet, og meiner vegvesenet bør sprengje vekk meir enn den store steinen dei har planlagt.

- Det ligg meir stein der. Vi håpar at det også forsvinn i sprenginga, seier han.