Hopp til innhold

1730 på Skåla opp

Vinnarane fekk med seg 115000 kroner i premie.

Jonathan Wyatt
Foto: Jan Erik Sandbakk

- Vi er veldig godt nøgde på alle mogelege måtar, seier løpsleiar for Skåla opp Erik Brendefur.

1730 deltok

Initiativtakar Erik Brendefur

Løpsleiar Erik Brendefur er kjempenøgd med arrangementet Skåala opp som gjekk av stabelen i helga.

Foto: Anne Rudsengen

Over 1730 person deltok i årets løp, og 675 konkurranseløparar fullførte løpet.

- Det var litt fleire som hadde meldt seg på i denne klassa, men ikkje alle kom i mål, seier løpsleiaren.

Då laurdagsmorgonen kom var det skoddde heilt ned i 800-900 meters høgde, og det var litt grått vêr.

- Men det gjorde ingenting. Tilbakemeldingane vi har fått har vore positive. Løypa var fin og tørr og det var flott å gå seier folk.

Full rulle heile helga

Jonathan Wyatt

Jonathan Wyatt vart vinnaren av Skåala opp 2010. Han sette også ny løyperekord med tida 1.0830.

Foto: Jan Erik Brendbakk

Og dei som tok turen fekk også med seg nokre solstrålar på vegen, sjølv om det ikkje vart ein solskinsdags vêrmessig.

Men Skåla opp handlar ikkje berre om å ta seg opp på det 1848 meter høge fjellet. Allereie fredagen var det stor aktivitet for deltakarane.

Då vart nemleg Skåla Opp Kick-off drege i gong. Der var det underhaldning og føredrag med mellom anna Christian Prestegård som konferansier. Han er styremedlem i European Athletics Mountain Running Commission.

Han hadde med seg Frank Evertsen, topptrenar som representerer verds- og europameister Anita Håkenstad Evertsen som og er løyperekordhaldar,
Jonathan Wyatt, New Zealand seks gongar verdsmeister i Mountain Running, David Schneider frå Sveits som vart nummer tre i fjor på Skåla opp og Odd-Bjørn Hjelmeset.

Miniskåla søndag

Laurdag etter løpet var alle deltakarane inviterte til grillfest. Der kom det vel 800 personar.

- Vi trur det er viktig at vi har desse aktivitetane i tillegg til sjølve løpet, seier Brendefur.

Søndag vart det arrangert "Kongleriket Mini Skåla Opp" opp der 70 born deltok, Etter turen var det duka for grilling for dei minste.

Fekk med seg 115 000

Ekteparet Jonathan Wyatt og Antonella Confortola vann motbakkeløpet og fekk med seg ein fin slump med pengar heim att. Tilsaman tente dei 115 000 kroner på å vinne og å setje løyperekord.

Og det ser ikkje ut til at folk er lei av å springe i motbakkeløp. Brendefur reknar med at det vil vere fullbooka på hotella i løpet av den neste veka for neste års Skåala opp.

- Slik er det kvart år, seier han.